12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Innhaldet, metodikken og organiseringa av kursa har vore tema for drøftingar og utvikling i

fagseksjonen. Knut Øyvind Yksnøy, Ola Hauge og Gunnar Repp var dei første rettleiarane på

kursa. Ola Einang, Frode Sætre og seinare Christofer Bang frå naturfaga kom så til, medan Helga

Synnevåg Løvoll, og Rune Pettersen frå naturfaga, er av dei som pr. 2006 driv kursa. I tillegg har

ein og annan timelærar vore med.

HAMSKIFTET 2003–2005

Opp gjennom etableringstida av Yksnøya som kursstad, og då kursa festa seg som eit av særprega

ved studietilbodet til seksjonen, låg der heile tida tankar og draumar om ein fastare og meir

etablert kursstad enn det den årlege teltleiren på Haugen representerte. Planar vart drøfta, synfaringar

til ulike lokalitetar i Ulstein og Herøy kommunar vart gjennomførte, og skisser og

teikningar utarbeidde.

To ting var vanskeleg å kombinere: På den eine sida var den årlege, enkle leiren, som det ikkje

viste spor etter, langt på veg i tråd med tradisjonelt, sporlaust friluftsliv. På den andre sida var

kursa ein fast del av studieprogramma, og det skapte både hodebry og utgjorde mange dagsverk å

leige inn, hente og levere tilbake båtar. Det årlege innleigde materiellet var nødvendig, men det

var tungvint å få ordna det på denne måten – år etter år. Men det var i tråd med det enkle, sporlause

friluftslivet.

Kroppsøvingsseksjonen heldt grepet om aktiviteten på Yksnøya lenge åleine. Mykje vart

gjennomført i styrke av engasjement og dugnadsånd. Kursa var populære blant studentane og

viste seg å vere overlevingsdyktige. Fleire på Høgskulen innsåg etterkvart tiltrekkingskrafta som

kursa i friluftsliv, samt kursa på Yksnøya, har hatt. Både i Avdeling for lærarutdanning og i Fellesadministrasjonen

vart Yksnøya-prosjektet synleg og konkret støtte har komt i form av omtale og

investeringsmiddel 3 .

I den forma for kystfriluftsliv som seksjonen har drive, har tradisjonelle bruksbåtar, trebåtar med

lokal tilknytning, vore sentrale. Tradisjonelle bruksbåtar frå norskekysten knyter trådar til kystfolket

sitt levesett og deira spesielle kultur. Yksnøya var eit levande bevis på det tette hopehavet

mellom sjø og land. Dette var særleg tydeleg ettersom øya framleis var bebudd og den siste yrkes-

3 Vedtak i Høgskulestyret.

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

8

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!