12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3. Kva spelerom og spennande moglegheiter ser vi i området i dag – både der skulen ligg og

på øya elles – med bakgrunn i eigne erfaringar, nogjeldande planar for ulike fag og

tenking om pedagogikk, uteskule, læring og erfaringar?

Jf. dette med t.d. funn som syner “... att tilgang på naturmark, som en liten skogsdunge eller ängsmark

på och intill skolgårdar, ger markanta effekter på lärarnas benägenhet att förlägga undervisning

och annan verksamhet utomhus” (Lindholm 1995:IV-3). Her bør ein kanskje også minne

om at der nok i vårt land har vore mange skular med utgangspunkt som samsvarar langt på veg

med skulen på Yksnøya.

Naturfag – eller “berre” leik og moro?

I boka Med himmelen som tak slær førskulepedagogen Buaas fast at det å flytte pedagogisk verksemd

utomhus ikkje kan vera særleg nytt. Røtene til utomhuspedagogikken kan finnast tidleg på

1800-talet i USA. Ein byrja stille seg kritisk til klasserommet som læringsmiljø med fokus på

bøkene. Men her snakkar vi om uterom slik forfattaren Szczepanski nyttar det, i fylgje Buaas:

Utomhuspedagogikk handlar liksåvel om pedagogisk verksemd på eit industriområde “... som i

skogen og på fjellet, i fjæra, i park eller byområder, i skolegårder og på lekeplasser: Det sentrale er

deltaking og sosialisering gjennom direkte opplevelser” (Buaas 2002:17). Med ein historisk innfallsvinkel

til natur- og friluftsbarnehagar i vårt land gjev Maanum (2004) nokre korte glimt av

kva som skjedde før dei yngste fann seg rimeleg bra til rette ute – eller inne – i naturen. Han

trykkjer kanskje óg litt på liktær rundt om når han skildrar “daghjemmet” og etterpå skriv om

naturfagundervisninga i barnehagen. Der var visst ikkje mykje plass for det undrande og

filosofiske – eller for Oskeladden. Vidare så kjem han også til Hjellebakkane og pionerbarnehagen

der.

Samanfatta må vi her berre stille spørsmål om vyer og visjonar for barnehagen og om moglegheiter,

rammevilkår og moglege sperrer for utviklinga vidare. Slik kjem vi kanskje også attende til

eit utgangspunkt: Kva dreiv dei med borna på Yksnøya – frå tidleg barnsbein av. Kva slags opplevingar,

erfaringar og taus kunnskap fekk dei med seg lenge før dei byrja på skulen? Men også

etterpå: Var elevane på Yksnøya kanskje atskilleg nærmare det ekte naturfaget enn svært mange

jamaldringar var det da, for ikkje å problematisere det enda lenger – opp mot vår tid. I dag ligg

øya omtrent slik som ho har gjort gjennom mannsaldrar. Likevel: Elevane er vekke. Men kor

viktig – og realistisk – er det at små og store unge menneske kan få noko tilsvarande av opplevingar,

erfaringar og kjennskap til denne naturen?

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!