12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Vi kunne også undrast og prøve å finne ut kva t.d. ein slik oppvekst og erfaringbakgrunn som

den på Yksnøya har hatt å seia for utviklinga til dei unge? Kanskje kunne vi finne noko grunnlag

for slik forsking i den tolkinga, analysen og kritikken av Polanyi si tenking om taus kunnskap som

vi kan finne hos kunnskapsfilosofen Rolf der han ser dette i høve til profesjon, tradisjon og

praktisk dugleik og innsikt. Dette kunne vera innspel til granskingar av natur- og kulturlandskapet

her ute som skulerom – sett i eit lærings- og utviklingsperspektiv. I eit skulehistorisk perspektiv

kunne begge innfallsvinklane vera av interesse. Korleis blei uterommet brukt? Men herifrå er

heller ikkje steget langt også til spørsmål om korleis kunne det vore nytta?

I. Fjørtoft startar doktoravhandlinga si med å peike på “... a probable relation between landscape

ecology, the children’s occupation of the landscape, through different forms of play, and the

impact on their motor development” (Fjørtoft 2000:vii). Så viser ho korleis naturlandskapet utifrå

både pedagogen og forskaren sin synsvinkel vil kunne vera stimulerande leikeområde for

førskuleborn, der ho m.a. peikar på og drøfter korleis landskapskarakterar kan skapa moglegheiter

som leikemiljø. I eit Yksnøy-perspektiv, med tanke på framtidig pedagogisk verksemd, verkar

granskinga hennar særleg spennande ved at ho kan skapa refleksjon og reise spørsmål rundt

naturlandskapet som føresetnad for leik med og blant born i vår tid og tidlegare. Samtidig er

avhandlinga ein innfallsport til anna forsking om born i natur. Fjørtoft viser til forsking av Grahn

m.fl. (1997) som tyder på at leik i natur gjer born meir harmoniske og oppfinnsame slik at

kvaliteten i leiken betrar seg. I fylgje hennar tolking av studiane til Lindholm (1995) blei også

aktiviteten i fristundene til studentar tydeleg meir kreativ med natur nær nok ved.

Alle dei tre forskarane Fjørtoft, Grahn og Lindholm har tilnærmingsmåtar og reiser spørsmål

som kunne gje fleire retningar for forsking også på Yksnøya: Om t.d. korleis det var. La meg her

nemne tre relevante og interessant innfallsvinklar som alle handlar om uterommet i høve til leik,

idrett, friluftsliv óg uteskule med tanke på ulike fag og mål i læreplanen:

1. Når og korleis brukte dei unge uterommet ved skulen både i friminutta og elles – også

utanom skuletida?

2. Korleis var det som seinare er blitt heitande kroppsøvingsfaget, på ein slik skule? Enn dei

faga som Kristvik omtalar som naturfag, landkunne og heimbygdskunnskap? 10

10 Sjå Kristvik 1953. Særleg relevant er t.d. det han skriv om fri leik med naturimpulsar “som sermerkjer livet” (s. 49) og om born

frå “naturarme og åndskjøvande strok” (s. 57).

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

18

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!