12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

arenaen i faget for å få inn meir varierte læringsstrategiar synleggjort i studentane si oppplæring. I

eit slikt perspektivet kan vi tenke at prosjektet på Yksnøya kan ha fleire dimensjonar, vi kan ha

reint faglege aktivitetar der eller vi kan også tenkje at denne arenaen kan brukast instrumentelt til

å oppnå andre lærings- og kompetansemål i grunnopplæringa til studentane. Etter samtalar med

kollega på Friluftsliv i førebuingsfasa vart det klart at vi utan problem kan legge oss innunder

visjonen deira for bruken av øya: oppleve, gjennomføre (praksis) og reflektere. Dette er såpass opne

omgrep at fleire fag lett kan slutte seg til. Samstundes som dei ulike fagtradisjonane legg sitt eige

innhald inn i desse omgrepa.

LANDART PÅ YKSNØYA – LOGG OG REFLEKSJON

Vi kom til øya med skyssbåten ”Ina Kristin” midt på dag. Baseansvarleg Nils Ola tek oss med på omvisning øya

rundt. Vi enda opp i støa til Kjell, ein av tre fastbuande på øya, i ein fri og skapande leik med alt skrotet frå

havet som hadde kome i land der. To timar gikk fort … Vi forsøker å sette ned tempoet, studentane skal venne

seg til tanken om at dei kan leike seg utan å skulle opp til eksamen eller skrive ein rapport om det som hende.

Læraren må jobbe med sine fordommar om å skulle ha kontroll med det heile, ha ein plan, ein kriseplan …

Fotografering, og med det oppøving av skapande blikk blir ein sentral del av dette som skjer. Alle med kvar sitt

kamera midt i sin skapande prosess. Kan vi greie å sleppe tanken, gå ut av det analytiske og berre vere i flyten?

Tilbake på Basen, vi venta på at Utefag frå førskuleutdanninga skulle forlate øya. Medan vi venta åt vi restane

frå deira lunsj; krabbe, skjell og bålbrød. Deretter spikka vi små skulpturar. Spikking er ei form for meditasjon,

utløyser tankegang og refleksjon på same måte som andre kontemplative tilstander.

Innkvartering og middag, alt tek si tid i eit primitivt og enkelt miljø. Etterkvart trekte vi inn på ”Utloftet”,

klasserommet på Basen. Samtale om dagens inntrykk. PC og videokanon var tatt med og vi viste våre bilete til

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

33

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!