12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Spørsmål og tenking om problemstillingar eller hypotesar kan, i prinsippet, skapast nesten kvar

som helst. Men mange av dei vil kanskje knapt bli relevante, avgrensande eller presise nok utan

iallfall ein viss kjennskap til øya og til erfaringar med pedagogisk verksemd under tilsvarande

tilhøve? Snakkar vi om skuleforsking, så kan det nok tenkjast både relevante, viktige og meiningsfylte

problemstillingar og prosjekt både på Yksnøya og andre stader. Det gjeld ikkje minst om vi

rettar merksemda spesielt mot friluftsliv, leik, kroppsøving og idrett.

KVAR ER BALLBINGANE, KLATRESTATIVA OG KLATREVEGGANE BLITT

AV?

Fyrst og fremst naturlandskap som realiseringsarena

Yksnøy-grenda fekk festetomt til si eiga skulestove i 1906, på Gjerdehaugen, etter at ein av

grunneigarane – Ivar Knutsson Yksnøy – som var svært aktiv i kommunalt styre og stell, lenge

hadde arbeidd for å gjera Yksnøya til eigen skulekrins (Årviknes 1970). Borna i grenda budde

berre nokre få minuttars gangsti unna skulen. Ei bitte lita grasslette, ein utedo, låge steingardar, eit

par stiar – og elles berre natur – utgjer landskapet rundt den ubrukte skulestova i dag.

Natur kan vera eit rom for læring – for fagkunnskap, slik det var – og slik det kanskje er for ein del

klassar og lærarar. Og det treng ikkje vera berre kritikkverdig. Men det kan sjåast som misbruk av

moglegheiter dersom fagperspektiva får dominere heilt. Slik også her på Yksnøya. Og vi finn

ivrige talsmenn og kvinner for at det nyfikne, skapande, oppdagande og opplevande må få utfalde

seg. Med utgangspunkt i filosofen Næss sitt tilhøve til leiken – eller, som han sjølv vél å omtale

det: “lekenheten” – kunne mest det leikande brukast i retning av eit eige paradigme. Men tenkinga

om det verdifulle ved leiken, ved erfaringar, utforsking, læring og skapande verksemd utomhus og

utprøving av ideane i praksis – som enkeltståande hendingar og som rørsler – kan dokumenterast

iallfall eit par hundreår attende i tid (Repp 1977, Eichberg & Jespersen 1986). Og i det perspektivet:

Kva leika dei så med i friminutta her ute? Og korleis leika dei? Kva rolle spela naturen?

Dreiv dei yngste og dei eldre elevane med det same? Leika jentene og gutane saman? Kanskje var

leiken felles prosjekt? Var der noka tilrettelegging for leik og kroppsøving. Kva var eigenleg

kroppsøvingsfag eller “gym” her på øya for dei generasjonane av elevar som fekk vera på skule

her? Kva rolle spela uterommet som erfarings- og læringsverd her sett t.d. i ljos av det Lindensjø

& Lundgren (1986) skildrar og drøftar som realiseringsarenaen for læreplanen?

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!