12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

lærarutdanninga også har hatt eit stadig større fokus både på det visuelle området. Innafor IKT

har vi i fleire år arbeidd både med dokumentasjon, kommunikasjon og sjølvstendig skapande

uttrykk ved hjelp av ulike medium som t.d. fotografiet og photoshop. Det er heilt nødvendig for

studentar som vert uteksaminert frå Kunst og handverk har ein høg kompetanse innafor biletområde.

Dette for å vere i stand til å møte, forstå og delvis demme opp for den visuelle kvardagen

framtidas elevar vil vere ein del av. Med kompetanse inngår også evna til å forstå,

formulere og problematisere den visuelle verda.

Den artikulerte refleksjon

I kunst- og handverksfaget bør vi utfordrast på å bli flinkare til å setje ord på ting i faglege

samanhengar. Det har altfor lenge vore akseptert å hevde at fagområdet har så mykje taus kunnskap,

kunnskap som ikkje let seg forklare med ord. Kvifor ikkje meir av kunnskapen har vorte

artikulert kan kanskje forklaraast med den relativ korte akademiske tradisjonen innafor formingsforskinga.

Vi har mest sannsynleg mykje kunnskap som kan verbaliserast, men vi manglar fagtradisjon

på å utfordre den. Dette er i ferd med å endre seg, og vi ser stadig forsking i fagfeltet

som utfordrar nettopp denne sida ved faget.

Får ein ikkje tak i den faglege refleksjonen, hjelp det lite om praksisen er god. Med slikt bakteppe

vert det difor særleg viktig og utfordrande å fokusere på refleksjonssida rundt opplegget på

Yksnøya. Refleksjonen blir inngangen både til å forstå samtidskunsten og til utviklinga av læringsstrategiar.

Kva er så god refleksjon og korleis få studentar til å meistre den? Mi erfaring frå undervisning og

rettleiing tilseier at dette er faktisk noko som må lærast gjennom systematisk arbeid både med

innhald og struktur.

Eg vil i det følgjande trekke fram to ulike aspekt ved refleksjon som viser mogelege vegar inn i

dette feltet. Begge handlar om språk og strategiar for bruk av språket for å oppnå auka innsikt.

Aslaug Nyrnes går vegen om retorikken og presenterar den som tenkemåte i det pedagogiske

arbeidet. I artikkelen Retorisk pedagogikk held ho fram to perspektiv:

– det stategiske og det topologiske. Det strategiske viser korleis ein kan arbeide med språk

som ein målretta arbeidsprosess i tid. Det topologiske perspektivet viser korleis retorisk

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

44

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!