12.01.2014 Views

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

Elektronisk versjon (pdf) her - Høgskulen i Volda

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

har ein dannande funksjon. Det var viktig å utvikle sin personlegdom i ung alder. Nansen gav

friluftsliv ein sentral plass i prosessen. Danninga ville etter Nansen si oppfatning ha dei beste kåra

i det fri, i ”det store rummet”. Oppleving saman med perspektiva Oppdaging og Utfordring var

med i det universet som Nansen mana fram i sin tale for skuleungdom i 1921 på eit møte i regi av

Den norske turistforening (Nansen 1922). Nansen hadde på dette tidspunktet eit rikt og intenst

liv bak seg.

Eit døme på bruk av modellen: Tek vi for oss opplevingsperspektivet, kan vi i dagens hesbles

tolke inn eit dominerande aktivitetsfyllt friluftsliv, ulikt eit friluftsliv som har plass for stille,

kontemplativ naturoppleving. I ein marknadsorientert kvardag kan det vere det liten plass for

refleksjon ut over kva som er rett trend og kva ting kostar. Den kontemplative naturopplevinga

må vi søke i ein samanheng som er prega av skjerming mot ytre uro og opning innover mot eigne

betraktningar. Begge desse opplevingsperspektiva kan vere relevante ut frå kva motiv ein har for

sitt friluftsliv, men i eit heilskapeleg danningsprosjekt er dei ikkje tilstrekkeleg åleine.

Den praktiske tilnærminga åleine vil dømesvis kunne framstå som eit utstyrsfiksert friluftsliv, der

ein avgrensar seg til smale perspektiv, enten det er eit slag for naturfiber ull og tre eller ei framheving

av nye forskingsbaserte komposittar. Det kan også vere at visse teknikkar vert fokusert

medan andre vert underkjent og oversett. I danningsprosjektet er heller ikkje det einsidige fokus

på dei praktiske sidene ved friluftslivet tilstrekkeleg.

Det reflekterande i reindyrka form treng kanskje knapt turen, opplevingane og det praktiske. Ei

teoretisk tilnærming og analyse av fenomenet friluftsliv kan opne perspektiv, men i danningsprosjektet

vert det for smalt om det står utan erfaringsreferansane. I motsetnad til desse einspora

framtoningane ønskjer vi eit heilskapleg friluftsliv. Skal utdanningar i friluftsliv vere danningsprosjekt,

må alle tre perspektiva vere eksplisitte. Friluftsliv som høgskulestudium kan først vere

akseptabelt når dette kravet er oppfylt.

Det bør følgje ei grundigare grunngjeving for synet på institusjonalisert friluftsliv. Ei slik grunngjeving

går eg ikkje vidare inn på her, men viser m.a. til Repp si avhandling og til dei to stortingsmeldingane

om friluftslivet. I dei to meldingane finn vi friluftslivet skildra som eit kulturelt fenomen,

særleg typisk for dei nordiske landa, og det blir skildra som pedagogisk verktøy. Stortings-

Nils Ola Skuset (red.): Forske på Yksnøya – går det an? Utfordringar i praktisk-estetiske fag. Seminarrapport.

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, 2006.

71

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!