27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

pekarar, fehandlarar, driftekarar

og anna farande folk, både fant

og fagnamann, har sikkert brukt

denne vegen i hundrevis av år

like ned til etter år 1900. Likevel

er det i dag vanskeleg å

finna vegen att både i terrenget

og i folkeminnet. For oss som

er innlevde i det nye vegnettet

og reisemåtane i notida, er det

så å seia umogeleg å tenkja

seg inn i kor lende og leier måtte

ta seg ut for folk før slike

gode kom. Biiete av vegar og

reiseliv var så heilt onnorleis

både i tanken og i landskapet

at me har ikkje føresetnader for

å forstå kor ein bytur måtte

kjennast for dei. Prøv berre å

tenkja etter kor det ville vera

om alle bilvegar og alle dei moderne

reisemidlane no vart borte,

og ein berre hadde føtene og

ridehesten og robåten til hjelp.

Frå først av vart vel den gamle

vegen ihopskøytt av vegtrakk

som gjekk gard og bygd imellom.

I utmark og fjell har det

truleg vore stølsvegar og kurekkje

som har vorte tilvølte

og samanhekta så det vart farande

veg for folk og fe. Mykje

av dette er no tilgrott og borte.

Men sume stader er det tydelege

vegfat att, og her og der

kan ein merka at det har vore

eit organisert arbeid fØre som

knapt einskilde gardar har kunna

teke på seg. Bruer har vorte

oppsette og murar og trapper

bygde, så ein må mest tru at

stØrre samfunnsinteresser har

stått bakom.

På visse stader var det fleire

vegar å velja mellom. Ein berrbaka

fotgjengar kunne ta snarvegar

og koma seg fram mange

stader der det var uråd å, fara

med hest og ku. Det vart her

som elles i verda at manse vegar

førde til Rom.

Ved hjelp av gamle vegrestar

og tradisjonar kan ein i grove

drag fylgja vegen enno like frå

Fyksesundet til Bergen. Frå

Porsmyrlandet gjekk han om

Skåre og opp Langaskarv framon

Øvrabøen og til nordre enden

av Skårsvatnet. så bar det

ut om Eikekvile, over Storemyrane,

opp Botnabrekka og ol/er

Vetlemyrane, ned Skårdalen og

Stoppelsgjer til Øystese-tunet.

Dette var og den vanlege kyrkjevegen

for grendene inst i

Sundet. Ein sideveg gjekk på

austsida av Skårsvatnet og gjennom

Torpe-marka, eller ned

Laupsadalen der han møtte vegen

innanfrå Rykkje og Bergstegrenda,

tok så opp om Torpe

og ned Brottegoto og Kjerringakleiv

til Øysteselandet, opp Rokabrekko

til Øystesegarden, der

han møtte att vegen som kom

over Myrane. Dit kom også vegen

frå Soldals-gardane gjennom

Telldalen. Så bar det ned i Busdalen

og over Øystese-elva, det

har trules vore ei bru der i nær-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!