27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

slaget i valkampen: Demokrati i

kvardagen. Berre å Presentera førarane

vitnar ikkje om det breie

folkestyret som vart lansert. Men det

sarrrsvarar heilt med den Praksis

som har vore god tone i laget før.

Den geografiske fordelinga av det

nye heradstyret vart sers god, stod

det å lesa i H. F. etter valet. Dette

er eg heilt samd i. Om det vart slik

på grunn av lojale veljarar eller om

det var forsynet som greiP inn er

ikkje godt å vita. Varamannsrekkene

kan tyda på litt av kvart.

No har det nyvalde heradstYret

vore saman og valt seg ut formannskap,

ordførar og andre fØrarar.

Det vart eit syrgjeleg kapitel. Dei

hine for med heile "kaka", trass i

den store framgangen vi hadde ved

valet. Kanskje eg skulle ha kommulert

han Per likevel? Men no er

det for seint å trega. Vi får lita På

at kassen er så velskrapa at dei nYe

ikkje får høve til noko utidige sprell.

Ser vi på kva som har hendt i

bygda siste året, finn vi mYkje å

gle seg over. Vi har fått ny Straumbru,

så no kan Norheimsund Passerast

utan at ein treng å slå av

på farten. Til Heradstveit kan ein

no køyra til gards med bil og arbeidet

med brua på Tveitevegen vil

koma i gang før året er omme.

Oljegrusbilane har gjesta bygda og

lagt frå seg ein klatt både her og

der. Til slutt tok dei seg av skuleplassen

i Norheimsund. Dette var

rett nok utanom programmet, men

skulestyraren la saka fram, og

- då så Ekstrautlegget vil bli

dekka - ved - å leiga plassen ut til

cirkus også om sommaren.

Det -

store naturvernåret er slutt.

Resultatet for Kvam vart at no skal

alt bos samlast i Tolomarka. Alt

som finns av rusk og rast mellom

Ålvik og Eikedalen vert henta -

og

fyllinga veks. -

Kvar husstand har

fått pålegg om å kjøpa seg stativ

til å plassera dei kommunale bossekkene

i. Slike saker kunne ikkje

brukast på Kvamskogen. Det ville

skjemma natura. Der har vi fått

ei rekkje campinghytter (stabbur)

langs vegen. Der skal rusket samlast.

Til denne tid har hyttene stått

tome -

for bos. Men dei vert gode

å ha for huslause når vintersesongen

set inn. Om hyttene er tØmra eller

forsynte med vestlandspanel, trur eg

brukarane bryr seg lite om.

Elles vert det bygt både her og

der. Vallandshus og Hibahus skyt

i veret både innanfor og utanfo' dei

kommunale byggjefelta. Dei huslause

har funne at pengane rekk lengre

ved å satsa på fabrikkhus. Arkitektteikna,

skreddarsydde villabygg gir

rett nok høgare status, men det vert

forlite kroner att til mat og bensin.

Tidlegare har det lege under dei

folkevalde si verdigheit å spara pengar

når det skulle byggjast kornmunalt.

Men distriktslæk jarbustaden

sette støkk i laget.

Planane for tannklinikken i Strandebarm

vart stogga, arkitekt og byggjenemnd

avsette. Ferdighus er no

under reising. Kor mykje som vert

spart veit ingen enno. Rykta

opererar med tal frå tre hundre

tusen og ned til null. Det vert moro

å sjå det endelege resultatet, i alle

fall for den eine parten.

Sjukeheimen er ikkje ferdig enno.

Men han er plassert i terrenget.

Kommunale sendemenn har vore i

departementet og lagt fram sine syn.

Svaret kom -

det skal byggjast på

Tolo. Heradstyret har samrøystes

(+ Teigland) strødd sand på departementsviljen.

Dei drøfta også kostnaden.

Kalkvlane varierte mellom 3

42

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!