27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

saman med dei to brordøtrene

sine, Ha.nsina og Verna Christie.

Alle tre var høgrefolk og meinte

at det skulle vera ein viss

skilnad på høg og låg i samfunnet.

Prosten bad ofte Lars om

hjelp til både eitt og hitt. Ein

gong hadde prosten fått ein

eller annan sjukdom på hagen

sin, eller *haveno som han sa.

Då vart Lars henta for å sjå

på dette. Lars grunna både lenge

og vel på dei sjuke plantene,

og til sist gav han fylgjande

uttale: "Eg kan ikkje skjøna

noko anna enn at det må vera

den vanlegg "havesykjo"

du har

fått - -.o

Ein annan gong

hadde prosten fått ei drøss med

kjuklingar. Det var vanskeleg

å sjå kva som var hanar og

høner og Lars vart henta. Lars

såg med ein gong at mest alt saman

var hanar, men han ville

seia dette på ein mest mogeleg

skånsam måte. Då delte han

først flokken i to grupper og så

sa han det slik: nDen gruppa

der er hanar, og den andre

gruppa der er ikkje høner."

Naturleg nok lika ikkje alle

like godt ordspråket til Lars

og sume ville gjerne prøva år

svara han att med same mYnt.

Ein laurdag Lars var i Norheimsund

og handla var han

ubarbert og hadde lang skjeggstubb.

Ein mann såg på han og

sa: nDu er svært skjeggut i dag,

Lars., Lars såg på han og sva-

ra lunt: "Så vidt eg veit skal det

stå på eigande grunn -.>

Lars måtte ofte leiga folk til

ymse hjelp og arbeid som han

trong. Ein regnhaust hadde Lars

leigefolk og ein bygdemann

spurde om dei kunne få gjort

noko i slikt regnver? "Når det

regnar som verst er me inne og

har teori -r,

svara Lars. Ein

dag hadde Lars leigd hest og

mann til å køyra ved heim or

skogen. Lars var med, og nytten

og sparsom som han var,

gjekk han kring og plukka opp

småkvister. Dette var nemleg

siste lasset. Då ropa køyrekaren

til Lars: "Her ligg nokre ospe.

lauv her, skal eg ta dei med.n

Denne spøken hadde litt for

kvass brodd og Lars vart mutt

resten av dagen. Han stakk aldri

vondt sjølv og lika heller ikkje

at andre gjorde det med han.

Det kunne vore fortalt mykje

meir om Lars Kalhamar, men

det får vera med dette. Han

fekk ei lang sjukelega og døydde

i heimen på Kalhamar i januar

1,937. Den siste tida fekk han

augg sterkt vendt mot dei evige

verdiar, og dei som fekk høve

til å vitja han ved sjukesenga

sa det var godt å høyra kor

trygg han kjende seg og kor

fredfullt han fekk kvila i Guds

allmektige hand. Det er mange

som har minne etter Lars Kalhamar,

og eg trur alle saman

har gode minne.

20

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!