27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Der fann dei han sitjande, han

hadde ikkje greitt å reisa seg att.

Ei dramatisk soge er det og

fortalt om Bertil Bertilson

Skeie, Vetle-Bertil, som han til

dagleg vart kalla. Han var beistehandlar

og driftekar, og kom

ein gong heimover frå byen,

truleg med ein god slump pengar

i lomma. Han fekk seg natlerom

på ein avsides gard, men

han fann stell og stemning litt

underleg og mystisk så han

fekk ikkje sova med det same

han kom under sengkleda. Om

ei stund tok det til å tusla og

tiska utanfor døra så han vart

ålvaken og han høyrde tydeleg

ei røyst som kviskra: oMen

han sØv ikkje endå." Han ante

at det måtte vera fåre på ferde

og kledde seg i mørkret og kom

seg stilt ut glaset og fekk salen

på hesten og reid vekk i tan.

Då skaut det etter han ut i

mørkret. Han vart så skræmd

at han vart aldri meir den same

som før.

Men dei fleste hadde sikkert

ljose minne med frå byturane.

Å koma til byen og sjå alt som

ovra seg der på sjø og land,

måtte vera ei oppleving. Var

dei fleire i fylgje på vegen, hadde

dei mykje å snakka om og

gle seg over. Når dei så sette

seg på kvilesteinane oppe på ei

høgd og naut nistematen og såg

utover nye landevidder med fjordar

og bygder, eller fjellvidder

med vatn og heiar, måtte det

vera opplevingar som dei levde

på lenge. Mange kom vel ikkje

på ein slik tur meir enn ein

gong eller to, sume kom vel

aldri så langt. Det var skikk i

bygda at eit ungt par skulle gå

til bydn og ringa seg, og for dei

vart visseleg ei slik reis eit minne

for livet. Den skikken var

så innarbeidd at det var vanleg

med ein bytur i slike høve lenge

etter at det vart moderne reisemåtar

å nytta seg av.

Då eimbåtane tok til å gå i

rutefart inn Osterfjorden, vart

det ofte til at byfararane tok frå

Samnanger og over Øyjordæ og

ned til Trengereid (nordre), og

derifrå fylgde dei båten til bydn.

Mor fortalde at ho gjorde første

byturen sin på den måten. Båten

ho fylgde heitte "Kristian

Jebseno, og billetten kom på 40

cbre. Det var alt ho la ut på

reisa til bydn. Overnattinga i

Samnanger kosta visst ingen

ting.

Folk var gjestmilde mot reisande,

og samningane har tr-uleg

sett det som ei rimeleg grannebygdsteneste

å hjelpa kvemmene

med hus og seng i slike

høve og såg ikkje på dei som

turistar som dei skulle tena pengar

på. Mange husvertar sette

sikkert pris på slik gjesting berre

for å få ei god kveldsrØe og

spørja nytt frå hi sida fjellet.

Før dei hadde telefon oe lokal-

I6

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!