27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

striden som stundom laut til

for å føra saka fram. Kvammamaolet

brukte han uforfalska

kvar han for, og eg trur ikkje

han tapte i vyrdnad på det,

tvert i mot. Alle skyna fort at

clette var ein del av hans eigen

person, og at ein her hadde å

gjera med ein mann som ikkje

"snudde

frakken etter vinden".

Slikt gjev tillit og vyrdnad,

og forklårar delvis at han fekk

så mange tillitsoppgåver. For

det andre hadde han stort sett

fleirtalssynet bak seg, og den

uvanlege arbeidsevna og effektiviteten

gjorde utslaget.

Eit sermerke ved han vil eg

nemna litt meir om. Han hadde

alle dagar ein usløkkjande kunnskapstrong.

Han gjekk eit kurs

ved Stend jordbruksskule. Det

var så vidt eg veit, all utdaning

han hadde skulevegen. Men han

las på eiga hand og fylgde godt

med i avisene. Ofte klipte han

ut artiklar han fann verdfulle

og tok vare på dei. Bøker kjøpte

han og mykje av og las sikkert

meir enn dei fleste. Var

han på mØte med gode foredrag

t. d. hadde han alltid notisbok

med og noterte.

Han refererte ikkje for aviser

o. a., men til eige bruk. Eg trur

nok det ligg mange slike notisbøker

att etter han. På denne

måten vart han ein sjølvlærd

mann med gode ålmennkunnskapar

og på ymse felt uvanleg

store. Og kunnskapen ville

han gjerne dela med andre. Han

var alltid villig til å hjelpa til

med program i dei ymse bygdelaga

når han vart beden om det.

Gjerne tok han og ordet spontant

der han var med og kom

med ein appell eller berre takka

for eit godt program.

Kring 1910 kom han med i

den første studieringen som vart

skipa i Kvam. Det var i losje

"Hugin" den kom i sving ved

hjelp av misjonsskulelærar Ivar

Aasen som då var på Framnes.

Han hadde vore ein tur til Sverike,

og der fekk han kjennskap

til studieringsarbeidet som

då var heilt nytt der og. Heimkomen

gjekk han i gang med å

planta ideen i norsk jord.

Studieringen i losje ,,Hugin"

var nok ein av dei aller første

her i landet, og den unge Jakob

Vik fann her ei kjelde til å svala

noko av kunnskapstorsten

sin. Etter den dag var studiearbeidet

alltid ein kjær hobby

for han. Losje "Hugin, har ikkje

hatt studiering i arbeid

heile tida sidan, men Jakob har

alltid greitt å vekkja liv i han

att om han tok ein pause. Då

samla han gjerne ei gruppe heilt

unge og fekk dei i sving. Sjølv

var han med som leiar så lenge

det trongst.

Dei siste åra, etter at tilgangen

på nye lemer svikta, har

losien drive arbeidet sitt som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!