27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og var tilkalla i telefonen. Han

såg ut til å vera heller urven

og arg for di han var uroa i

middagsluren.

Eg vart sitjande og lyda på

samtalen. Det var ikkje sagt

mange replikkar før eg skyna

kven som var i den andre enden

av tråden og kva samtalen

dreia seg om. Kapteinen prøvde

å forklara at dei hadde berre

stakkars 48 dagar til å læra

gutane opp til brukelege soldatar,

og hadde ikkie råd til å

missa ein av dei. Men karen i

den andre enden var greitt ikkje

heilt einig, og han var ein

igle til å hanga på. Det vart

meir og meir til at kapteinen

vart ståande og hakka rrred ha

og ia. Enden vart at han for

på dør med endå stØrre fart

enn han hadde kome, og humøret

såg slett ikkje ljosare ut.

Men då hadde han fyrst lova å

ta saka oppatt med kapteinen i

mitt kompani.

Eg hadde ikkje bruk for nokon

samtale, men gjekk i staden

og fann kameraten og fortalde

kva eg hadde høyrt på.

Me godta oss ikkje mindre. Me

gjorde oss klar til å ta ut. Straks

føre me skulle stilla på linja

att, kom det beskjed om at kametaren

og eg ikkje skulle stilla

om ettermiddagen, men i staden

sjå til å koma oss til Bulken

fårleg fort. Den gongen meiner

eg me reagerte med "militær

præsisjon,!

Slike hendingar i unge år kom

til å leggja eit godt grunnlag

under kjennskapen som eg trygt

kan seia utvikla seg til venskap

etter som tida gjekk, endå det

var mest 20 års aldersskilnad.

Jakob var av dei som aldri vart

gamal, slett ikkje i sinn og lite

kroppsleg. Det viste seg at me

hadde sams interesser så å seia

over heile spektret og kom til

å vanka mykje saman i lyd og

lug. Han var ein av dei som

sterkast har sett sitt preg på

bygdelivet i samtida, og dei fleste

som lærde han å kjenna vil

minnast han med glede.

Di verre vart han riven bort

heller brått før han fekk gjort

ferdig alt han hadde under arbeid

og vona rekkja på, serleg

lokalhistorisk tilfang han hadde

samla. Kanskje einkvan annan

kan greia å fullføra det han

heldt på med av dette slaget.

Men ingen greier å fylla heile

tomromet han let etter seg i

bygdemiljøet. Dette kan ein vel

seia ved alle dødsfall. Men ein

kjenner det så mykje meir etter

ein allsidig og ruvande person

som Jakob H. Vik, og det er så

mange som kjenner det. Ein

kjenner seg fatigare, men lyt

takka for det som var.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!