27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

åretak over elva. Men både ferdafolk

og gardsfolket der rekna

med det, så det var visst alltid

føre å få. Derifrå var det så

lett å ta seg fram til Nordvikslåttene.

Snaraste og beinaste leia vidare

var nok den som gjekk

over Gullfjellet og Borgeskaret,

men det var og den hardaste.

Dei måtte ta tunge motbakkar

som tok på pusten og dryge

unnabakkar som røynde knea,

så det var vel helst ungdomar

og folk som hadde hastverk som

våga seg i kast med den. Eller

slike som ville gjera meisterstykke.

For slike fanst det nok

då som no. Med greidleg

gonge rekna dei at ei byreis tok

to dagar kvar veg for friske

folk. Men det fanst nok dei som

gjorde vegen snøggare, stundom

fordi det trongst, andre tider

kanskje berre for å gjera eit

karsstykke så folk fekk noko

å snakka om. Dei hadde ikkje

meir moro enn dei gjorde seg

sjølve i den tida.

Ein kar som låg på sumarslått

oppe ved HamlagrØvatnet,

vart tobakkslaus, er det fortalt.

Etter å ha pint seg sjølv ei

stund, sette han ljåen i bakken

og tok til palings vestover fjella

og kom til bydn og fekk ny

forsyning, kom så opp att og

tok ljåen igjen og slo vidare.

Ein som åtte heime på Botnen,

vart ute for same mangelen.

Det var om vinteren, og kanskje

det låg meinsis i sundet,

så det var vanskeleg å koma

. Nok er det at han tok

foten og fjellet fatt og for til

bydn for å kvitta seg med tobakkssykja,

og kom velnøgd og

glad heim att.

Liknande tobakkshistoriar er

det fortalt frå Samnanger.

Slike soger kan vel ha vorte

litt utbroderte etter som åra

har gått, men ein kjerne av sanning

er det nok i dei.

Meir å lita på er det vel når

hendingane skriv seg til namngjevne

personar. Lars Seljenes

var kjend for å vera særs lett

til fots, og han gjorde turen

frå byen og heim på under ein

dtg. Endå om ein dag kunne

reknast lang før i tida, så må

ein seia at dette var uvanleg

godt gjort.

Mons Botnen var ein gong i

byen. Det var etter at eimbåtane

var byrja å gå inn fjorden,

og han stod på kaien og såg at

hardingabåten stakk i veg innetter,

og tok sjølv i veg til fots.

Han gjekk ned i Steinsdalen for

å gjesta kjærasten sin der, og

då han kom til Skeie, der ho

budde, høyrde han dampen "hujao

nede i Sundet.

Rekorden har nok likevel Anders

Rosseland, ein reinsgjetar

frå førre hundreåret. Han skal

vera den raskaste som nokon

t4

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!