27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

leiken til den som no er der,

opp til Rossvoll og gjennom tuna

i Nedre- og Øvre-Vik til Mo.

Skulle dei så nedom Grovæ, var

kortaste vegen gjennom Vik-

Mjaoroena, over Mo-elvæ kom

dei ved Tolavadet, og så over

Rødna og ned til Norheim. Beinaste

leida var det så å ta opp

Fjærabygdæ, men sjølvsagt kunne

dei og få føre over Straumen

og gå på Sandven-sida av

Moavatnet. Mest vanleg var det

så å gå om Steine og opp Steinsliæ

til Nyasete, men ein kunne

og koma dit ved å ta om Rosseland

og gå vestover derifrå.

Så var det å ta til med vegen

over Steinsskogen. Frå Nyasete

gjekk han opp Klyvdalen og

over Klyvdalskleiv (jfr. Bygdejol

1955) til Krossleite, forbi

Fureberggropæ og gjennom

Kvednaskogen til Kvednavodlen,

opp Ryddarliæ og til Røyrliæ og

vidare gjennom Furedalen framom

Klingefuro til Vardaskarv,

som det no berre er restar att

av. På toppen der stod det ein

varde, det var den som gav

skarvet namn, og der vart det

rekna midtveges over Skogen. Så

kom ein liten nedgang til Vardaholo

og derifrå oppover Leite

og framom Kleven og Kleivæ,ned

Hestakleivæ (nedafor Sandvenseter

hotell) til Eikedalsvatnet,

fram under Teigaber:get og til

Teigen. Så måtte dei over Byksaonæ,

der det truleg ikkje har

vore bru så dei måtte byksa

på steinane over. Det var og er

framleis grenseelva mellom

Kvam og Samnanger. Derifrå

fylgde vegen Eikedalen nedetter,

men kryssa elva nede ved

Heldren og fylgde så sørsida på

elva og stakk utfor stupet jamsides

Fossen Bratte. Der er vegen

godt synleg enno både ovanfor

fossen og ned berget.

Hadde dei hest eller anna

storfe med seg, kunne dei nok

ikkje ta ned den fårlege fjellsida.

Då for dei søro\Ier frå

Fleldren til Raunebotnen og ned

Idlaliæ og nådde gongevegen att

nedunder Storli. Så fylgde vegen

elva og dalen, men når dei

kom ned til Kuholmen kunne

fotgjengarane ta av ein snarveg

til venstre over Bergsenden og

koma ned til garden Dahl. Den

vanlege vegen tok nedom Rossebotten

(Løkjene) og Mørkhølen

og ned Frøylandsdalen. Der er

vegen lett å sjå endå tvers over

elva frå bilvegen, like ned mot

gardane ved Frøylandsvatnet.

Brukjera midt i elvegjelet står

mest uskadde enno, og for ikkje

mange åra attende låg ein del

av bruplankane der og. Men då

var det berre geitene som hadde

moro av å bruka dei.

F'rå Tysse var det svært vanleg

å få båtskyss over til Ådland,

men gongevegen rundt

fjordbotnen vart også brukt.

Derifrå kunne ein nok koma seg

TO

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!