27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

;fqESW

Ein av dei 5000 som vart selde i Oslo.

marknadsfelt som gjorde det.

Humrafiskarane søranfor vilde

ha ein drygare båttype med breidare

bakskut til å lasta teiner

på. Samstundes vart det ein

viss påverknad frå Austlandet.

Den nye typen vart mest bygd

med 4 eller fleire bordgangar,

og dei lange æsingane med stemneklampar

gav båtane ein heilt

ny utsjånad. Desse båtane kunde

verta sers vakre når alt var

fint gjort, men det var trass i

alt ein so heilt ny type, at samanblandingi

med den gamle

typen ikkje alltid verka heldig.

Den gamle Strandebarms 3 bordingen

var fullt likeverdig med

Oselvarane, og burde vorte bygd

som før ved sida av den nye

typen.

Talet på båtbyggjarar i Strandebarm

auka sterkt frå 1900 og

utover til 1930. Det hadde mange

grunnar. Nokre kan nemnast.

Det kom store årsklassar av

ungdom ut i arbeidslivet då.

Utvandringi til Amerika slutta.

Gamle attåtnæringar vart uløn-

same, og uti 20 åri tok arbeidsløysa

til å melda seg sterkare

etter kvart. Avsetnadsvanskar

gjorde sildefisket ulønsamt, og

det slo attende på båtomsetnaden

her på Vestlandet, for notfiskarane

var av dei store avtakarar

av robåtar.

Då kom det vel med for

Strandbermingane at dei hadde

utvikla ein båttype som høvde

for Oslofjorden. Det hadde alt

lenge vore sendt robåtar til Oslo,

men no tok dei til med å senda

heile fartylaster. I åri 1930-39

vart det omsett omlag 5000

Strandebarmsbåtar i og omkring

Oslo, og denne eksporten

berga båtindustrien i Strandebarm

frå samanbrot den gongen.

Krigen i 1940 gjorde ein

brå ende på denne handelen, og

seinare har han heller ikkie kome

i gang att.

Etter 1935 har talet på båtbyggjarar

stadig minka. Serleg

dei siste 20 år har det gått fort

rredover. Dei som framleis driv,

byggjer lite robåtar no. Mest

alt som vert bygt er for motordrift.

Me lever no ein gong i

motoralderen, og folk er vortne

for late til å ro. Eller har dei

fått det for travelt, so dei har

ikkje tid?

Kanskje det var for slitsamt

med all den roinga i gamle dagar.

Kanskje det er bra at maskinkraft

har avløyst muskelkraft.

Men når ein om sumaren

24

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!