27.04.2017 Views

Bygdejol 1971

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

Julehefte utgjeve av Kvam Soge- og Kulturminnelag

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

og l0 millionar. Eg tykkjer dei burde

godta billegaste tilbodet med

takk.

Tenk på at 3/12 av tomta er stillt

til rådvelde -

gratis. Men Rom er

ikkje bygd på ein dag. Som ei mellombels

løysing har vi no fått Kyrkjebakken

Aldersheim. Kapasiteten

er rett nok ikkje stor, men staden

ligg sentralt.

Etter mange si meining går det

forseint med å skaffa fleire arbeidsplassar

i bygda. Men litt skjer også

i denne sektoren. Hanskefabrikken

byggjer på ein ende og tek vel

sikte på plassera fleire folk sjølv

om det ikkje vart noko ledig ordførar

denne gongen. Norheimsund

Trelasthandel er også på offensiven

og utvidar og i Øystese er det komen

skyskrapar. Alliansen mellom

N. H. Vik og Norheimsund Trelasthandel

har resultert i sementblanderi

som går i høgda. Hadde det vore

i odampen" sin tidsalder, kunne det

med held vore nytta som sjømerke.

Men trafikken er no komen på landjorda.

Av den grunn har vi ved

Hardanger Fjord Motell fått landevegsmerke.

Om forma på merket skal

symbolisera staden? -

spør ikkje

meg.

Noko nye storbedrifter har eg ikkje

høyrt gjete i år. Tiltaksnemnda

er visst ikkje serleg aktiv og tiltakssjef

er ikkje rekna med i budsjettet.

Vi må nok enno ei tid lita

på dei verksemdene vi har. Bjølvefossen

byggjer rett nok att. Men det

gjeld visst berre meir lagerplass

for ferdigvarer.

Men i andre enden, på Omastrand,

skjer det visst saker og ting. Det

stod å lesa i H. F. at no måtte

Fjellstrand utvida. Det var korkje

plass eller folk nok i distriktet til

å møta den eksplosive ekspansjonen

som verksemda stor framfor. Skulle

det bli livsrom nok, måtte dei til

Jondal. Les ikkje tiltaksnemnda

H. F.? Er det ikkje plass nok lengre

inne i Kvam? På Vågsletta? Sandvenmyrane?

Tolomarka? Vikeevja?

Nanes? Det er vel og bra å tilretteleggja

byggjefelt for bustader. Men

det hadde også vore bra med noko

å leva av for dei som skal bu der.

Om det går litt trått med det materielle,

så tek vi det att på andre

kantar.

Kulturlivet blømer.

Hardangerungdomen samlast til årleg

stemne i Øystese i vår. 10 uni

formerte politimenn og eit ordensvern

på 40 mann under leiing av

smeden patruljerte gjennom bygda

og heldt vakt om moralen. Ungdom

frå alle bygder fylte vegar og stemstad

om natta.

Framfor talarstolen til formannen i

Noregs Ungdomslag var det god

plass. Sunnhordland, Hardanger og

Voss Indremisjonssamskipnad og

Hardanger Songarsamskipnad har også

hatt årsstemna i Øystese. Desse

vart awikla utan politivakt.

Kulturen i Kvam er i støypeskeia.

Den gamle forma med kultursprei

ing frå talarstolen fengjer ikkje

lenger. No er det andre og sterkare

verkemidlar som må til. På Hardanger

Fjord Motell har dei teke konsekvensen

av dette og skipar til kulturkveldar

med Per Asplin, Nora

Brocksted, Elisabeth Grannemann og

fleire slike T.V.-kjendisar. Bygdefolket

kjem -

og går heim att fulle

av kjendiskultur og med tome lommer.

Fossastova har fått ny eigar. Berta

Flolth har teke over og legg opp

til kulturkveldar med spekekjøt og

flatbrød blanda opp med gamle dalatradisjonar.

Galtung er omdøypt til

Sjonbotn Cafe og skal svinga seg

opp på Bingokulturen og på Sand-

43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!