13.07.2015 Views

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

I miljømåla for norsk havbruk er rømming og lakselus sett opp som dei to viktigasteproblema. I 1989 vart det innført mellombelse sikringssoner for laksefisk med heimeli oppdrettslova. Ei mellombels sikringssone er definert som eit sjøområde som ligginntil viktige namngjevne lakseførande vassdrag, og vassdrag i nedslagsfeltet somdrenerer til ei slik sone. Av 52 soner som vart oppretta på landsbasis, låg 5 soner iHordaland.Det er utarbeidd ein nasjonal tiltaksplan mot rømming av oppdrettsfisk. Hovudmåletmed planen er å redusere omfanget av rømming frå oppdrettsanlegg, slik at detteikkje skal vere noko trugsmål mot norske villaksstammer. På kort sikt skal talet pårømd fisk reduserast til under 400 000 individ pr. år.Det er gjennomført ei evaluering av effekten av sikringssonene. Erfaringane pålandsbasis er at det berre er i dei store sonene det har vore nokon effekt, som iTrondheimsfjorden og Sognefjorden. Her i fylket er det berre den inste iHardangerfjorden som har hatt klar effekt. Dette er også den einaste som er både storog heilt fri for oppdrett. Dei tre elvane inst i Hardangerfjorden (Kinso, Opo og Eio) erdei einaste av dei viktige lakseelvane i fylket fram til 1998 som har hatt lite elleringen rømd oppdrettslaks i gytebestandane. Det er gjort vedtak om at sonene skalvidereførast i fem nye år, men saka er ikkje slutthandsama i forvaltningsregimet av didet manglar konkretisering av retningslinene. Det vart elles bestemt at dei vedteknesikringssonene skulle haldast ved lag i påvente av NOU 1999: 9. Denne utgreiingagjer framlegg om sikringssoner utanfor dei to føreslegne nasjonale laksevassdraga ifylket, Vosso og Etneelva.Som eit tiltak mot auka produksjon av lakselus har veterinærstyresmaktene utarbeiddei regional forskrift om tiltak mot lakselus med verknad frå 1. juni 1998. Dette kanverte ein særs viktig reiskap i arbeidet med å få ned mengda av lakselus, av di forskriftaset krav om avlusing av oppdrettsfisk ved lågare lusenivå enn det som er tilrådd foroppdrettsanlegg ut frå reint bedriftsøkonomiske vurderingar. Oppdrettsnæringa harsynt god vilje til å arbeide for å minske den negative verknaden næringa har pålakselussituasjonen for villfisk, mellom anna ved støtte til forslag om tvungen avlusingog ved deltaking i friviljug avlusing, til dømes i Hardangerfjorden i 1997 og 1998, ogi regional avlusing i 1999 og 2000.Lakseparasitten Gyrodactylus salaris har trengt inn i 39 vassdrag i området fråNordvestlandet og opp til Troms fylke. Parasitten har spreidd seg frå infisertekultiverings- og setjefiskanlegg og ved import av fisk. Parasitten drep all lakseyngeli infiserte vassdrag. Det er ikkje påvist Gyrodactylus salaris i Hordaland.30

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!