13.07.2015 Views

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Hordaland, er desse områda registrerte som eigna som marineverneområde: Husnesfjorden og ytre Hardangerfjord frå Hille tilÅnuglo, Korsfjorden og strekninga Marstein-Telavåg,Lindåspollane og Lurefjorden. Korsfjorden og Lurefjorden/Lindåsosane har høg prioritert i rapporten. Ingen av områda iHordaland har fått høgaste prioritet i nasjonal samanheng. Det erlite sannsynleg at det vert innført vern av marine område iHordaland i planperioden. Det er likevel ønskjeleg å ta vare pådei naturlege kvalitetane i dei høgast prioriterte områda iHordaland.Forureiningssituasjonen i sjøområdaGenerelt har vi i Hordaland ingen direkte problem med næringssalt i marine resipientar,og vi går ut frå at miljøtilstanden i dei fleste sjøområda er god. Det er ikkje påvistovergjødsling av kystvatnet på Vestlandet frå Utsira til Stad. Påverknaden av vatn fråSkagerrak vert utviska ved fortynning og biologisk omsetnad til eit relativt litenæringssaltbidrag til kyststraumen. Fiskeoppdrettsanlegg, landbruk og kommunaleutslepp kan lokalt vere ein vesentleg bidragsytar til organisk påverknad. Miljøvernavdelingahos Fylkesmannen kan krevje effekten av desse utsleppa dokumentertgjennom miljøundersøkingar på lokaliteten og i nærområdet (resipientgransking).Utslepp frå ulike industriverksemder og tilsig frå avfallsplassar kan føre med segureining av miljøgifter. Det er elles lagt ned store ressursar i å granske miljøtilhøva,med vekt på miljøgiftmengda, i Byfjorden og fjordområda i nærleiken, mellom annaved Haakonsvern. Innhaldet av tungmetall og organiske miljøgifter i sediment i Sørfjordenog Hardangerfjorden har vore undersøkt sidan 1985. På bakgrunn av resultatai miljøgiftgranskingane i Byfjorden og områda rundt har Statens næringsmiddeltilsynrådd frå konsum av torskelever frå heile området som er granska (fjordområda vedBergen avgrensa i nord av linene Ramsøy-Vindenes i Hjeltefjorden, Hjertås-Heggernesi Herdlefjorden og Nordhordlandsbrua i Byfjorden og i sør av linene Klokkarvik-Lerøy-Bjelkarøy-Milde). Tilhøva i Sørfjorden/Hardangerfjorden har vorte noko betredei seinaste åra, og kosthaldsrådet for fisk vart oppheva i 1997. Ifølgje SFT erbelastninga av tungmetall i overflatevatnet framleis uakseptabel i Sørfjorden.Oppblomstring av skadelege algar har ofte opphav i Skagerrak og Kattegat, og alganevert transporterte med kyststraumen langs kysten av Sør-Vestlandet. Hordaland synestå vere nordgrensa for desse algeinvasjonane. Eksempel på slike algar er artaneGyrodinium aureolum, Ceratium spp. og Chrysochromulina polylepis. Algar somforgiftar skjel, kan vere giftige ved relativt låge konsentrasjonar. Algar av slektaDinophysis har diaréframkallande gift, medan gifta i slekta Alexandrium er lammande.Vi kan ikkje sikkert slå fast om algeoppblomstring i første rekkje har si årsak imenneskevalda aktivitetar som utslepp og klimaendringar, eller om det heng samanmed naturlege svingingar.34Innføring av nye artar med ballastvatn frå skip er eit potensielt økologisk trugsmål.Nye artar vert stadig introduserte, men det er usikkert i kva grad dei er i stand til åetablere seg fast. Det er rapportert om funn av fire-fem nye artar. Forsking i Hordalandsyner at det var planter og dyr i ballastvatn i 29 av 30 undersøkte fartøy. Det er ikkjetrekt endelege konklusjonar av arbeidet.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!