13.07.2015 Views

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

Fylkesdelplan for kystsona 2001-2004 - Hordaland fylkeskommune

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og det avgrensa området er avmerkt på sjøkarta. I Bergen hamn og enkelte andreavgrensa farvatn i Hordaland gjeld spesielle fartsgrenser på sjøen.Det er fastsett normer for frie seglingshøgder. I hovudleia til viktige hamner skalseglingshøgda vere 62 meter, i hovudlei generelt 41 meter, i bilei 30 meter og i lokallei22 meter. Seglingshøgdene vert likevel vurderte ut frå behovet for sjøverts ferdsel ikvart enkelt høve. I Hordaland er krava til fri seglingshøgd for dei fleste fjordkryssinganeover hovudleia auka frå 41 til 50 meter. For bileier og lokalleier finst detavvik frå norma begge vegar: somme frihøgder er oppjusterte og andre nedjusterte ihøve til normene.Vidare regulerer lova ulike tilhøve som pålegg om fjerning av innretningar, seglingsføresegner,hamnedistrikt/-grenser, føresegner om fartsgrense, skilt for ferdselsreguleringosb. Byggje- og anleggstiltak i sjø treng løyve frå hamnestyresmaktene.Om den formelle avgjerdsretten ligg under Fiskeridepartementet, Kystverket, distriktskontoratil Kystverket eller kommunale hamnestyresmakter, er avhengig av kor storttiltaket er, og kva følgjer det kan få for ferdsla.Plan- og bygningslova (§ 20-4) gjev høve til å merkje av ferdselsområde på sjø iarealdelen i kommuneplanen. Lova er òg eit sentralt verkemiddel når det gjeld forvaltningog samordning av samferdselsinteressene i høve til andre brukarinteresser.Kystrelatert samferdselSjøtransport har i alltid vore den viktigaste kommunikasjonsmåten på Vestlandet.Dei naturgjevne tilhøva for sjøtransport er gode, og det meste av godstransporten gårover sjø. Sjøtransport er spesielt eigna for store godsmengder med høg eigenvektsom skal fraktast langt. Sjøtransport har ei dominerande rolle i utanrikstransportenog står for 95 prosent av både mengdene og transportarbeidet på norsk område når viikkje reknar med olje frå Nordsjøen. I Noreg utgjer sjøtransporten 56 prosent avtransportarbeidet for gods når vi held røyrtransport utanom. Trafikkproblema på landjordaaukar stadig både i Noreg og i resten av Europa. Sjøverts ferdsel vert i dennesamanhengen trekt fram som eit økonomisk og ressurs- og miljømessig godt alternativ.EU har sett seg som mål for den transportpolitiske utviklinga å overføre meir avveksten i godstransporten frå veg til mellom anna nærsjøfart. I tillegg til at det harvorte stadig dårlegare, er det grunn til å tru at landtransporten kjem til å verte pålagdstadig fleire miljø- og økonomirelaterte restriksjonar. Hordaland har eit særleg godtgrunnlag for å satse meir på sjøbaserte transportløysingar til resten av Europa.Hamnene på Vestlandet bør kunne nytte dei føremonene som ligg i nærleik tileksportindustrien (50 prosent av norsk eksporttonnasje) og dermed til gods som skalfraktast. Situasjonen i dag er at ein del gods vert transportert frå Vestlandet på veg,for så å verte lasta om til skip i Søraust-Noreg eller Sør-Sverige.60Trafikk- og godshamnerHamnene på Vestlandet er viktige knutepunkt i nasjonale og internasjonale transportkorridorar.Vestlandet har som nemnt 50 prosent av den norske eksporttonnasjen,eksklusive olje og gass. Vestlands-hamnene er difor viktige for norsk næringsliv.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!