02.07.2017 Views

Bokmagasinet nr 1 årgang 1

Bokmagasin med bokomtaler, forfatterintervju og artikler, og leseprøver.

Bokmagasin med bokomtaler, forfatterintervju og artikler, og leseprøver.

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

TEMASIDER

25. mai er

handkledagen.

Mange vil markere 25. mai ved å gå rundt med eit

handkle den dagen. Men – kva har handkle med bøker

å gjera?

Svaret på det finn me ved å gå til ein av Storbritannias

mest kjente forfattarar av fantastisk litteratur: Douglas

Adams. Som ein innflytelsesrik science fiction-forfattar

har han arbeidd med

Doctor Who, Haikerens guide

til galaksen og Dirk Gently, i

tillegg til fleire ulike teksteventyrspel.

Haikerens guide til galaksen

starta som eit radiohøyrespel

for BBC, men kom etter kvart

òg ut som TV-serie, teateroppsetting

og på LP, og så klart

bøkene. Eventyrspel vart òg laga, før det til slutt vart

laga ein spelefilm. Filmen bygde fint på bøkene, men

tru ikkje at du dermed har fått med deg alt; dei ulike

versjonane har innhald som varierer sterkt.

Det er trilogien, som passande nok er på fem bøker

(i stil med til tider obskur humor?) som fortel oss om

kor nyttig eit handkle er å ha med seg når ein haikar

gjennom galaksen.

Bøkene hans fekk fans over heile verda, og då han

brått gjekk bort i 2001, kom det raskt forslag om å

minnast han ved å markere 25. mai som handkledagen

og bera med seg eit handkle den dagen.

Som forlag vil vi gjerne dra fram nokre av våre bøker

i fantastisk litteratur-sjangeren i dette nummeret.

12

“Any man who can hitch the length and

breadth of the galaxy, rough it, slum

it, struggle against terrible odds, win

through, and still know where his towel

is is clearly a man to be reckoned with.”

Douglas Adams, The Hitchhiker’s Guide

To The Galaxy

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!