27.07.2013 Views

Nordisk Tidskrift 3/12 (PDF 539 KB) - Letterstedtska föreningen

Nordisk Tidskrift 3/12 (PDF 539 KB) - Letterstedtska föreningen

Nordisk Tidskrift 3/12 (PDF 539 KB) - Letterstedtska föreningen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

320

Hans H. Skei

nokon etter Knut Olav Åmås’ store biografi som òg gjorde seg avhengig av

dagbøkene som om dei var siste sanninga om diktaren og hans forståing av

verda. Å ta høgd for at dagboksjangeren i seg sjølv er ei utfordring og at vi

må tolke utsegnene der og ikkje ta dei for ”sanning” eller skildring av ”slik

det verkeleg var”, er heilt naudsynt. Hauge skreiv etter det han sa for seg sjølv

og utan tanke på at dagbøkene ein dag skulle publiserast. Men ein treng ikkje

tenke i slike banar eingong for å skjøne at dagbøker for det første er skrift, er

dikt og draum og ikkje dåd og røyndom, er redigert og tillempa og laga, også

om dei er skrivne einast for han som skriv dei.

Ekerwald har meir eller mindre kome til Hauge via dagbøkene – som han

gjer krav på å ha lese minst to gonger. Eg trur han gjerne, men korleis han

ut frå dette kan hevde at ”dikterna är dagböckerna som destillat”, er meg ei

gåte. Eg kan, litt motvillig, gå med på at ”dagböckerna är en handledning i

levnadskonst – och diktkonst,” sjølv om det etter mi meining er å gje dei vel

høg status. Men at det meste av den lyriske diktinga til Hauge ikkje skulle fri

seg frå dagboksnivået og løfte seg høgt over dei og kvardagsliv og vanskar,

er utenkjeleg. Det innser Ekerwald nok sjølv, men berre eit stykke på veg,

fordi han på forunderleg vis ikkje har merkt seg eller ikkje bryr seg om det

meste av diktskatten. Det er ”sjølvportrettet” slik det finst i dagbøkene som

interesserer, og det er legitimt nok, men eit av hovudpoenga med ein litterær

biografi – sjølvportrett eller ikkje – må vel vere å kome endå nærare ei forståing

av diktinga og av djupnene i dikta som ein knapt loddar via det (sjølv)

biografiske livet. Ut frå dette er det naturleg at det er dei enkle og konkrete

dikta frå Dropar i austavind som Ekerwald set høgast, og sjølv om dette var

boka som gjorde Hauge kjend og ”populær” mellom anna hos ein ny generasjon

lyrikarar, er det i samband med denne boka dei fleste mistydingane

kring forfattarskapen har byrja. Når Ekerwald skriv at dikta til Hauge blir eit

folkemuseum med bruksgjenstandar og situasjonar som kan verke eksotiske,

har han i beste fall lese på overflata og ikkje ein gong nådd ned til den Hauge

vi møter i dagbøkene.

For ein som har lese og undervist og førelese om Hauge i meir enn tre tiår,

er det litt uverkeleg å møte ein så fullstendig mangel på bakgrunnskjennskap

til Hauges liv og dikting som det som er utgangspunktet for Ekerwald. Men

han skriv seg ut av det, er ærleg og direkte og rett på sak. Blir han forundra og

nesten slått ut av å få vite at Hauge var ”gal” – det vil seie at han var innlagt på

sinnsjukehus i fleire år, så gjer han det beste ut av det med snakk om ”divine

madness” og ei forståing av korleis Hauge måtte kjempe seg ut av galskapen

og prøve å bli frisk, medan andre kunstnarar av og til kan ha søkt seg vekk

frå normaliteten. Forståinga både av galskapen og av einsemda og av korleis

poesien – det å dikte og skape noko der det ikkje var noko frå før – hjelpte til

Nordisk Tidskrift 3/2012

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!