27.07.2013 Views

Nordisk Tidskrift 3/12 (PDF 539 KB) - Letterstedtska föreningen

Nordisk Tidskrift 3/12 (PDF 539 KB) - Letterstedtska föreningen

Nordisk Tidskrift 3/12 (PDF 539 KB) - Letterstedtska föreningen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Olav H. Hauge – eit sjølvportrett frå dagbøkene?

med å halde diktaren oppe og få han til å halde ut, er klår. Vi veit at det var

fleire periodar også seint i Hauges liv då ”galskapen” truga med å slå han ut.

Med unnatak for eit par kapittel på slutten av ei heller tynn bok (vel 160

sider), går Ekerwald ikkje tett inn på Hauges dikting. Gjennom meir enn eit

dusin kapittel før det, følgjer han Hauge ved hjelp av dagbøkene, og får fram

mange merkelege og litt snodige sider ved epledyrkaren og gartnaren og

ungkaren som les bøker og skriv dikt på gammaldags landsmål (1917-normalen).

Men to kapittel om religion og heller mykje om Hauge og kvinnene,

kan synast i meste laget. Forståinga av kven Hauge såg som ”fienden” – ein

intellektuell og akademisk elite – kunne nok vore nyansert. Hauge hadde

fleire universitetsfolk mellom sine beste vener; mellom anna fordi dei hadde

skrive fine ting om diktinga hans (Stegane, Kittang, Hageberg). På eit seminar

i 1992 kom Hauge bort til nokre professorar og sa at ”Hillis Miller har skrive

ei ny bok – de har vel lese den?” Og sjølvsagt var det ikkje mange andre enn

litteraturprofessorar Hauge kunne drøfte The Linguistic Moment med, så her

finst endå nokre mistydingar som bør rettast opp!

Det finst mange mistydingar, og det er ikkje til å undrast på – det skal

noko til for å gripe det særnorske og rotnorske som Hauge sat fast i trass den

internasjonale orienteringa. Det finst også litt for mange upresise detaljar,

og litt for avgrensa kjeldematerialet om ein skal samle fragment til eit stort

”sjølvportrett”. Litteraturlista er smal, og utelet mykje og viktig materiale til

ei betre forståing av Hauge. Diktsamlinga Spør vinden har fått feil tittel fleire

stader, og det er tydelegvis ikkje einskildsamlingane Ekerwald viser til, men

samlingane slik dei førekjem i Dikt i samling frå 1981. Kvifor han ikkje har

vald siste utgåva Hauge sjølv retta og forandra på, kan ein undre seg over. Ein

kunne og spørje seg – særleg sidan Hauge alt i ungdomsåra (i Dagbøkene)

prøvde seg som omsetjar – kvifor denne sida ved verksemda ikkje har fått

meir plass.

Etter alle dei kritiske merknadene, er det likevel ikkje tvil om at Ekerwald har

prøvd å formidle ein personleg fascinasjon med Hauge som menneske og som

diktar. Det personlege sjølvportrettet er Ekerwalds eige – henta ut frå hans eiga

vinkling av materialet i dagbøkene, og tolka i høve til tekstar og menneske han

før har skrive om. Til slutt er det nok likevel slik at boka, dessverre, syner kor

stor avstanden er frå Noreg til Sverige, og at avstanden ville blitt kortare om

ein satsa heilt ut på Hauges dikting, for då blir vi løfta ut av staden og ut av tida.

Hans H. Skei

Carl-Göran Ekerwald. Det stora självporträttet. Om Olav H. Hauge. Carlssons Bokförlag,

Stockholm 2011.

321

Nordisk Tidskrift 3/2012

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!