09.01.2015 Views

AVH501 - Avhandling (30 studiepoeng): - Det teologiske ...

AVH501 - Avhandling (30 studiepoeng): - Det teologiske ...

AVH501 - Avhandling (30 studiepoeng): - Det teologiske ...

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Emnekatalog: HE151

HE151 - Bibelhebraiske grunnelementer

Faglærer:

Andrew Donald Wergeland, Andrew.Wergeland@mf.no

Studiepoeng: 10

Undervises:

Høst

Generell informasjon

Emnet er eit kjerneemne i studieprogrammet Profesjonsstudiet i teologi, og Disiplinbasert Master i kristendomskunnskap studieretninga

Det gamle testamente.

For å studere Det gamle testamente må ein gjere bruk av hebraisk språk. Gjennom arbeid med språket blir ein meir fortruleg med den

livsverda og dei tenkjemåtane tekstane sprang ut av og talte inn i. Arbeidet gjev også innsikt i problem og utfordringar knytte til det å

omsetje og tolke bibeltekstar. Gjennom kjennskap til ei vitskapeleg utgåve av Det gamle testamente får ein vidare innsikt i den

historiske overleveringa bak tekstane og den karakteren desse har. Tekstane i hebraiskpensumet er valde ut blant anna med sikte på

bibel- og GT-studiet. Hebraisk blir studert med omfattande bruk av nyare informasjonsteknologi. Læringsmåla i faget tek utgangspunkt i at

denne teknologien er tilgjengeleg både under språkstudiet og i seinare arbeid med bibeltekstar.

I dette emnet opparbeider studenten eit grunnlag for hebraiskspråkleg tekstarbeid.

Studiepoengreduksjon

Studentar som tek emnet saman med emne som heilt eller delvis overlappar, får redusert omfanget av godskrevne poeng for dette

emnet. Oversikt over reduksjon med ulike kombinasjonar:

Med HE159 04V Bibelhebraisk reduserast dette emnet med 10 sp

Studiekrav

Studenten skal i samband seminarundervisninga:

- bestå 75% av vekeprøvene, som kan omfatte gloser og/eller grammatikkstoff med karakteren «bestått»/«ikkje bestått»,

- delta i evaluering av studietilboda, dersom tilbodet er gjort til gjenstand for evaluering i det aktuelle semesteret.

Vurdering

Når emnet undervisast, er primær vurderingsform mappevurdering, d.v.s. å bestå alle studiekrava i samlemappa. Emnet vurderast til

«bestått» / «ikkje bestått» på bakgrunn av vekeprøvene i vurderingsmappa.

Studierettleiar kan etter grunngjeven søknad innvilge sekundær vurderingsform, som er klausurprøve (2 timar). Dersom studenten ikkje får

bestått mappevurdering kan han/ho etter søknad (seinast 1 veke før klausurprøve) gjevast høve til å skifte til sekundær vurderingsform.

Når emnet ikkje undervisast og det samstundes er gjeve høve til å gå opp til eksamen, vurderast emnet med sekundær vurderingsform.

Hjelpemiddel: Ved klausurprøve brukast hjelpemidla oppført i Vedlegg 1, Liste A. Lenke:

Mål og innhold

Studenten skal ha

- evne til å lese hebraisk tekst, samt kjennskap til hebraisk skrift og transkripsjon,

- kjennskap til dei viktigaste elementa i hebraisk grammatikk,

- evne til å arbeide med ei vitskapeleg tekstutgåve av Det gamle testamente,

- kjennskap til bruk av leksikon og eksegetisk programvare og

- eit grunnleggjande ordtilfang på 103 gloser.

Litteratur

LITTERATUR

- Birkeland, Harris, Lærebok i hebraisk grammatikkOslo: Grøndahl, 1984 .

- Brown, Francis, Driver, S. R. og Briggs, Charles A., The Brown-Driver-Briggs Hebrew and English lexicon

Peabody, Mass.: Hendrickson, 1996 .

- Elliger, K., Rudolph, W. og Kittel, Rudolf, Biblia Hebraica Stuttgartensia quae antea ... ediderat R. Kittel Stuttgart: Deutsche

Bibelstiftung, 1967 .VALGLITTERATUR

Enten:

- Køhn, Rosemarie,Hebraisk grammatikk Oslo: Universitetsforlaget, 1990 .

Eller:

- Sørebø, Geir,Innføring i bibelhebraisk Askim: G. Sørebø, 1982, s. 128 bl. .

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!