Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Folkemusikere og folkedansere i Numedal

Anekdote:

Bjarne Bratås sitt utsegn:

Dauv-Hans spela so stabben dansa og dottar flaug gjennom gluggen

En kan lure på kvifor Arve Tellefsen med fela si ikkje kan spele liv i en hoggestabbe og få han

til å danse når Dauv-Hans greidde det fleire gonger. Svaret ligg kan hende i tida, at slikt

gjekk lettare for seg i gamle dagar. I alle høve, vi tar forteljinga om Dauv-Hans og andre

glupe spelemenn for det dei er, historie som vi ikkje ville ha vore forutan. Store spelemenn

har dei vore, med eller utan hoggestabbe-dans.

Etter Sverre Heimdals artikkel i Nore og Uvdal:

Dauve-Hans og budde på plassen Pommern om lag fra 1851. Det er uvisst kor lenge han

budde der. Dauve-Hans bruka å bite i fela når han skulle stemme ho. Dette var for å høyre

betre. Han livberga seg med å bøte fiskegarn, men på dansefestane i Pommern vanka det vel

og nokre skillingar. Han skulle ha vore ein flink spelemann. Det er ein slått etter han som er

kalla "Dauve-Hans". Sonen Ole Hansen (ca. 1822-1864) var og spelemann, i hans tid var det

ofte fest og dansing i Pommern. Dette var i ei tid med religiøs vekking, så det var ikkje alle

som lika det. Nokre la saman pengar til Ole så han kunne brenne opp fela si. Det hadde han

visst og gjort, men for pengane hadde han kjøpt seg ei ny fele.

Olsen, Hellik (Grorud) (1879—1941)

Flesberg/Drammen. Trekkspel, hardingfele

Son til spelemannen Ole A. Haugan, ætta frå Gullek Spellemann gjennom mora Boel (som

drog til USA då Hellik var fire år). Voks opp i tronge kår hos bestmora Spelemanns-Ingeborg.

Lærte fyrst å spela trekkspel, fekk seg sidan fele. Lærte noko spel av Ole Tangen, hadde òg

noko etter faren og Hellik Rud, elles tralla bestemora slåttar. Lærte lett, så ivrig med fela at

han måtte opp om natta å spela. Same året han gjekk for presten, spela han til dans på festar

rundt i bygda, hadde god takt og veldig fart i spelet. God forteljar.

Hellik var son av Boel Kristoffersdotter og Ole A. Haugan, dei var ikkje gifte. Boel var

dotterdotter av Gullik Spellemann, og faren til Hellik var den kjente spelemannen Ole A,

Haugan. Boel drog til Amerika då Hellik var fire år, han voks opp hjå bestmor si, Spelemann-

Ingeborg. Dei budde mellom anna i Grorud ein plass under Lie, difor vart han i bygda kalla

Hellik Grorud. Han vaks opp under tronge kår og sleit mykje som heilt ung. Likevel lærte han

seg spela. Hadde spela noko trekkspel, men fekk seg fele.

Alt same året han gikk for presten spela han til dans på festar rundt i bygda, han hadde

stempla god takt og veldig fart i spelet. Så ivrig med fela var han at han måtte opp om natta å

spela. Han skulle ha lært noko av ein raklespelemann som hette Ole Tangen som budde i

nærleiken. Så hadde han noko etter far sin og så hadde han høyrt Hellik Rud mykje.

Elles tralla bestemora slåttar for han. Han lærte spelet fort, høyrde han ein slått to gonger

hadde han den. Hellik flutte til Drammen då han vart vel tjue år, fekk arbeid ved eit teglverk.

Han spela mykje på dansesalane i Drammen, mellom anna saman med ein halling, Knut Vang

frå Ål, som var skomakar og felemakar.

Hellik var i mange år sterkt engasjert i fagbevegelsen, han sa: Viss ikkje je ku’ blitt

arbeiderpartimann, så blei ingen det. Han var med i styr og stell i Drammen, mellom anna i

skulestyret, ni år som formann og leiar av nemnda for Boligbanken.

Han var ein bli og pratsam mann, særleg når han spela var han blid. God forteljar, stor og

sprek var han òg, sterk i ryggtak. Han vog visst 116 kg på det beste.

Olsen, Hjørdis f. Harang (f. 1907)

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

127