26.07.2013 Views

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Folkemusikere og folkedansere i Numedal

- eg sat då og berre drøymde

Den gamle stugo steig fram med glans,

med minne frå barnedagar,

då åra gjekk med song og dans

og sol yver eng og hagar.

Å nei, for ei tid, so god og sæl!

Erik Deildokk var av dei meir profilerte spelemennene i Numedal dei fyrste tiåra av 1900

talet. Han skilde seg ut frå mange av dei andre på den måten at han var mykje ute og spela.

Han deltok på fleire kappleikar, jamvel landskapleikar. Han er truleg den fyrste frå Numedal

som spela i NRK, to eller tre gonger spela han i dei direkte sendingane som var den gongen.

Han reiste rundt med Klara Semb og spela numedalsspringar. Da Noregs Ungdomslag hadde

stemne på Lillehammer i 1929 var Erik der og spela for dnasarar frå Numedal. Det gjorde

stor lukke. Klara Semb skriv: ”Den vene karen i den praktfulle gråtrøyebunaden fekk folk til å

snu seg når han gjekk gjennom byen med det gilde rosemåla feleskrinet under armen”.

Han reiste også på turne med Ola Brenno frå Valdres.

Det finst ikkje opptak av Erik, han døydde for ung til det, men mange av dei som høyrde han

gjev han gode skussmål for spelet sitt.

Erik budde i Deildokk ikkje langt frå Flesbergdelet. Såleis lærte han spel både i Flesberg og

Rollag. I Flesberg fyrst og fremst av Gullik Sandbekk og Ole Gleden. Elles møtte han Steinar

Gladheim og Torstein Odden og lærte av dei.

Erik hadde fleire feler og laga til og med feler sjøl. Han hadde mellom anna ei han kalla

Fjellrosa. Den siste han hadde og bruka mykje var ei Sandlandfele han kalla Astrid.

Slåttekunna til Erik var stor. Mot slutten av livet tileigna han seg ein god del telemarksslåttar

i tillegg til det han hadde heimante. I natt i Sønåsen i Lyngdal sat han og spela i eitt utan å

spela same slåtten oppatt.

Torkjell Haugerud hørte Erik spela og han kytte av han og sa: Deildokk kan eggje ein slått,

det er ei stor kunst.

Elles var han vidkjend smed og knivmakar, og smia blada sine sjøl, dei vart stempla ED og

oppnår ein høg pris i dag. Sonen Nils lærte slåttar av far sin og spela mange inn på band.

Nils vart også ein svært dyktig knivmakar.

Elles lika han ikkje den nye musikken som trengte seg på i 20 og 30 åra. Han truga

trekkspelarar med å skjera sund belgen. Men sanninga var at han var sjøl svært god på

durspel, det var vel helst dei nye rytmene han ikkje lika.

Erik deltok på mange kappleikar. I 1932 fekk Erik saman med Steingrim Haukjem, Halvor

Kaasin og Olav Strømmen reisepengar av Numedal fylkeslag for å reise på Landskappleiken i

Oslo. Alle fire fekk premie.

Erik var god i kjeften seiest det. Det vil si at han var ordhittug. Kjent er uttrykkethans : ”Kven

har sendt åder (bod) etter de?”

O. E. Krokmogen skreiv dette diktet til Erik:

Eg sat her ein kveld ved sida di

Og høyrde på at du spela

Eg totte eg sat i ei solskinnslid,

Med ljomen av hardingfela,

Eg sat og berre drøymde.

Den game stugo steig fram med glans,

Med minne frå barnedagar

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

32

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!