26.07.2013 Views

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Folkemusikere og folkedansere i Numedal

I 1807 var Pål i soldatteneste, og det er blitt fortalt at han sat i engelsk fangenskap frå 1807

til 1814.

Etter han kom heim att, gifta han seg med Ingeborg Pedersdotter Gladheim og slo seg ned i

Veggli. Ingeborg var gardmannsdotter frå ein av dei gildaste gardane i bygda. Men det gjekk

ut med foreldra, og det er vel grunnen til at Pål rydda ein liten plass som blei kalla Pålerud.

Denne plassen hang oppi bakken ovafor

Svendsrud og Høggerud.

Her blei borna deira fødde, og her budde dei til 1843 da familien reiste til Amerika. Borna

var: Peder (Per), Ingeborg, Astrid og Liv.

Pål lærte visst alt det faren kunne. Det er sagt om dei begge at dei også laga slåttar. Pål

spela i bryllaup etter heile Numedal. Han var jamt på Kongsbergmarken på speling, og der

kom han m.a. saman med Myllarguten, Håvard Gibøen og Knut Lurås. Og Luråsen vitja Pål i

Nore, er det fortalt.

Kristian Watnebryn fortalde etter bestemor si at Løytnantsdrengene var innom i Snaprud i

Flesberg når dei skulle til Kongsbergmarken, og likeså når dei skulle heim att etter ei veke.

Da spela dei til dans heile natta. Dei hadde og vori hos gamle Pålson (Ola Pålson), fortalde

Watnebryn.

Ein gong var Pål og fleire ovantil dalen, deriblant ein uvdøling, på veg til Kongsbergmarken.

Dei overnatta i Søre Haugen i Rollag, av og til kalla 'Luse-Haugen' ,for der var gjestgivargard.

Om kvelden hadde uvdølingen lagt seg oppå sengehjellen, men Pål sat og spela. Da det

leid på litt, ropa uvdølingen ned til Pål: Du kan slutte å spela lausdans no Pål, fer no kjenner

e’ e’ har fått følgje.

Pål spela i eit bryllaup ein gong òg i Søre Haugen. Der var noko uroleg og mykje slagsmål.

Pål var vel litt lystig og skjemtsam av seg. Da dei sat ved bordet, reiste han seg og song ei

gammal grovvoren vise. Presten Steen snakka til Pål for dette, men Pål svara: Dennan visa

har e’ høyrt alt e’ ha vore te’, so den syng e’ so mykje e’ vil. Presten hadde berre gått frå han.

Johannes Dahle fortalde etter bestefar sin, Knut Dahle:

Da godfar var i 10-12 års alderen, var det eit stort bryllaup på Tverrgrot her i Tinn. Det var

gammal skikk at dei skulle skulke (kikke?) i bryllaupsgarden. Godfar og nokre gutungar stod

på ein moldbenk utafor glaset for å sjå inn. Godfar var mest oppteken av spelemannen,

Gunleik Svadde, som gjekk på golvet og spela til å lyde på. Da han var ferdig med slåtten, sa

han: Akkurat slik spela Pål Løytnantsdreng. Gunleik hadde vori på Kongsbergmarken og hørt

Pål der.

Som nemnt spela Pål saman med Myllarguten, og han skulle i høg grad ha tileigna seg same

måten å spela på når han spela mange av slåttane etter han. Av slåttar etter

Løytnantsdrengene som Knut Dahle lærte av Håvard Gibøen, kan nemnast: Vegglijenta,

Flesbergingen, Veneflamma, Pål Løytnantsdreng, Bromsdalen og Gamle Sevle'n. Men det er

fleire som ikkje har namn i tillegg til disse. Pål heldt fram som spelemann i Amerika og spela

i mangt eit bryllaup og lag derover. Ved sida var han rokkemakar som han òg hadde vori i

Noreg. Ein gong etter han var gammal, blei han henta for å spela i eit bryllaup for Myhlifolket

(frå Hallingdal). Det var eit bryllaup av det gamle slaget, og det var nok ei oppleving

for den gamle spelemannen.

Pål døydde i Rock Run, på grensa mellom Illinois og Wisconsin i 1867. Kona, Ingeborg,

døydde i 1857. Sonen Per reiste til California på gullgraving i 1849, men dei hørte ikkje meir

til han. Dottera Ingeborg blei gift med Halvor H. Stordok. To av sønene deira, Halvor og

Knut var flinke spelemenn, men dei fekk det for travelt til å halde fram noko serleg med

spelinga.

Litteratur:

Flatin, Tov: Gamalt frå Numedal 7, s. 72-75

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

131

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!