26.07.2013 Views

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Folkemusikere og folkedansere i Numedal

brennevin. Da kom feslet av, og det blei veldig til speling. Og ikkje var det noko sår å sjå på

fingeren.

Ole Gleden (1898-1988), fortalde om ein gong Hellik Rud kom innom Gleda på veg frå

Kongsberg. Han hadde vel litt i hovudet, og ville prøve fela til far, sa Ole. - Ja, du bli'kje fer

gammæl du ’a, sa far. - Je bli bere å bere å bere, je, svara Hellik samstundes med han spela.

Og han trampa svært, mintest Ole, som berre var ein gutunge den gongen.

Av utsjånad var Hellik Rud lang og helst noko ulenkjeleg, hadde lange fingrar og ein lang

hals med ei stor barkekule (adamseple). I tillegg var han nokså original i framferd. Og dei

som hørte han spela og lærte av han, var ofte meir opptekne av faktene hans enn av musikken.

I Hellik Rud si tid gikk gjetordet om Gullek og Eivind Spellemennar framleis for fullt, og det

var truleg ikkje så lett å komma i opprop. Noko seinare blei det mange fleire spelemenn i

bygda igjen, og Hellik flutte ut. Blant dei som lærte av Hellik kan nemnast: Ole Gleden (Strålsund),

Anders Ødegarden, Hellik Wingestad (sen.), Gullik Sandbek, Ole Hakkelberg og Hellik

Ranvik. Nils Kollansrud og Christian Watnebryn lærte noko av han med han var i Drammen.

(Christian hadde vel truleg også hørt han ein del før.)

Gaute Buen, Jondalen, nemner i eit brev til Arne Bjørndal at han hadde hørt Hellik Rud på

Kongsbergmarken og at Hellik tolka Numedalsspelet mykje godt.

Ole Hakkelberg snakka om at Hellik Rud kunne svært mange slåttar. Ikkje alle hadde namn,

nokre av slåttane hans var: Tangeslåtten, Tannlausen, Vesle jenta mi, Ransåsen, Gamle

Signe, Hostveiten, Bekar-Anne, Tusen-Tore (H. Rud kalla han Kravik'n) og Honkle-Guri.

Desse er springarar. Ein sjeldan springar som Hellik Ranvik hadde etter han, har vi rett og

slett gitt namnet Hellik Rud.

Av hallingar kan nemnast: Gudvangen, Den sjuke hallingen, Skjellerud'n (blir kalla Spretten i

Hallingdal), Gamle Rotneims-Knut, Torstein Langbein, Ørsteingutten.

Hellik Rud var ein framifrå handverkar, ein givnad han hadde ervd frå faren. Hellik kunne

gjera mest kva det skulle vera. Han laga møblar, som roskåp og skjenkar. Han laga òg feler.

Han hadde stempel som han sette i felene. Boge og strenger gjorde han òg (hadde strengelegge).

Han laga kastemaskinar eller rensemaskinar til å rense korn med. Gamle

munnladningsgevær laga han om til bakladningar.

Han hadde sett opp ei svær smie på Søre Rud. Der hadde han laga til nokre rare greier slik at

han hengte opp hesten når nokon skulle sko, slik at hesten ikkje skulle få sparke med han

skodde (fortalt av Hans Flaatrud).

Hellik og broren Niri overtok garden etter faren, men hadde han berre eit lite bel. Seinare

kom dei til Ramsrud (broren Ole hadde Ramsrud) og deretter til Nord-Gardar. Der dreiv

Hellik handel. Elles sto hugen mest til felearbeid og speling. Etter ei tid flutte dei til Kofstad,

Øvre Eiker og i 1910 vidare til Drammen der Hellik døydde i 1913. Han blei gravlagt på

Bragernes kyrkjegard.

Hellik var ikkje så sterk, men kona var sterk som ein bjørn, og broren Niri som òg var sterk,

var med og hjelpte dei både på Ramsrud, Gardar og Kofstad.

Hellik og Marit hadde ei dotter, Margit g.m. Einar Rognstad. Ein av sønene deira, Arne,

spela waldhorn i musikkselskapet Harmonien i Bergen.

Litteratur: Flatin, Tov. Gamalt frå Numedal VII s. 67

Spelemannsbladet nr 7 1989

Rud, Marit Kittilsd. (1815—1899)

Flesberg. Dans

Svært god til å danse. «Hei Marit Rud, je ske deg snu, du ske få danse metta di du,» song dei

til henne etter slåttestevet til springaren Kari Rud. Sonen Hellik Rud vidkjend spelemann og

sentral tradisjonsberar.

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

138

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!