26.07.2013 Views

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Folkemusikere og folkedansere i Numedal

Sverre var på landskappleik i 1923, harmdirrande fortalde han mange gonger om at

Steingrim skulle ha vunne den gongen. Men i staden var det Alfred Maurstad som vann. ”

Han vann berre på namnet” sa Sverre.

Sverre tente noko på dansespeleing opp gjennom åra. Han kunne få 10-15 kroner for ei natt.

Elles hadde han arbeid ved jernbanen, som målar. Men han vart vel glad i det sterke til å

kunne nå heilt opp som spelemann. Steingrim Haukjem sa det slik: ”Sverre kunne vorte stor

hadde han ikkje rørt seg bort”.

Sigurd Frogner, Åsmund og Even Tråen har lært beinveges av Sverre. Even kanskje mest –

om lag 45 slåttar.

Eggerud, Tore (1900—1967)

Nore. Hardingfele, vokal

Spela litt fele. Skreiv fleire stykke m.a. i Spelemannsbladet om folkemusikken i Numedal.

Tore var rosemålar og spela litt fele. Han skreiv og fleire stykke i Spelemannsbladet og andre

stader om folkemusikken i Numedal.

Eivind Gulliksen Spellemann (1830-1883)

Flesberg, Dybvåg. Hardingfele

Foreldra hans var Gullek Torsteinsen og Anne Eivindsdotter f. Brekke. Med det fyrste ho og

Gullek var gifte budde dei i plassen Brekkehaugen som hørte til Brekke. Etter at Gullek kom

dit blei plassen kalla Spellemannshaugen, for Gullek var spelemann og blei i bygda kalla

Gullek Spellemann. Og han var etter tradisjonen ein av dei beste som har vori i Numedal.

Den kjende Ola Pålson var far til andre kjerringa til Gullek Spellemann og dei var fjerne

slekningar.

Av heilsysken hadde Eivind brørne Torstein f. 1828, Gullek f. 1833 og systrene Ingeborg f.

1835 og Anne f. 1839.

Torstein og Gullek jr. var òg spelemenn. Torstein blei kalla Torstein Spellemann. Han budde i

Svarthøl under Lande. Både Torstein og Gullek reiste til Amerika. Ingeborg var god til å

danse og god til å synge(tralle) slåttar. Ho blei kalla Spellemanns-Ingebør.

Halvsysken til Eivind var Pål G. Lia (Fonsetskogen) og Marit som blei gift og budde i

Gransherad. Marit hadde sonen Gullik frå for. Han tok namnet Sandbek og var ein flink

spelemann.

Eivind og bror hans, Gullek, var jamt bort til Blinde-Knut. Dei budde da i Låg (i Lyngdal) og

var grannar med Blinde-Knut. Så fekk dei han til å spela for seg. Og når det hende det flaug

strengar for han Knut, lura gutungane seg heim att og stal strenger av fela til far sin og kom

med. Men da var det vel ikkje så godt å koma heim att, om faren oppdaga det.

Da Eivind gikk for presten, gjette Ingeborg, syster hans, på Nærli. Da hende det han sette seg

til å spela der ho gjætte. Så gløymte han seg bort, det blei for seint, slik at han møtte ikkje hos

presten.

Han hadde visst fela med seg da han gikk for presten og gøymde ho bort i skogen. Presten

hadde vel fått greie på at han dreiv og spela, og så skulle Eivind ta fela med og spela for han.

Da skulle presten ha sagt - Du er god til å spille, Even, men ikke til å lese.

Det er fortalt at Eivind var med i eit bryllaup på Li da han berre var ein gutunge (13 år) . Det

blei skoti voldsomt når dei reid til kyrkje, så det var om å gjøra å få tak i hestar som ikkje var

skotredde. Eivind og faren, Gullek, sat på kvar sin hesterygg og spela fyri brurefølgjet.

Hesten Eivind sat på var så trek han måtte sitta med beina rett ut.

Etter Eivind var vaksen var det meir slutt med dei store bryllaupa her i dalen. Men han spela i

fleire bryllaup i Telemark (helst i Hovin).

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

37

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!