Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Folkemusikere og folkedansere i Numedal

Elles har han spela både fløyte og gitar i gamaldansorkesteret til broren Kjell. Han har spela

til dansepar på kappleikar og deltatt i lagspel for spelemannslaget.

Dei siste 30 åra har han budd i Vestfold og spelar for leikarringen Haugtussa i Tønsberg kvar

veke.

Traaen, Kjell (1945-2010) Rollag/Notodden

Trekkspel

Kjell Traaen var fødd inn i ein musikarfamilie i Rollag. Frå tipp-tippoldemora Viel, eller

Skreddar- Viel som ho vart kalla, går det ei sterk musikkåre. Viel var organist i Rollag kyrkje

på 1830-talet. Kjell lærte å spela trekkspel (pianospel) av onkelen Gudmund Jaren, som var

etablert dansemusikar i dalen då Kjell var liten. Kjell fekk fyrste trekkspelet i julegåve av

onkelen. Etter kvart kom Kjell med i dansemusikarmiljøet i bygda og spela saman med

onkelen og Øyvind Paulsen, Asle Kvislen og Hans Bråten, alle på trekkspel.

Etter kvart fekk Kjell jobb på Kongsberg. Her byrja han i lære hos Arnt Haugen (1928–1988).

Haugen var både trekkspelar, komponist, orkesterleiar og arrangør. Læretida vart ikkje lang.

Etter eit snautt halvår sa Arnt: «Nå har eg ikkje meir å lære deg.» Kjell starta eige orkester

med Kjell Løver på bass og song og Vidar Rogstad på gitar. Brørne Gunnar og Åsmund

Traaen vart også med i orkesteret. Gunnar spela gitar attåt fele og fløyte. Fetteren Even Tråen

vart med på hardingfele. Det vanka mange spelejobbar. Dei spela både moderne musikk og

gammaldans.

Kjell var musikalsk leiar både i trekkspelklubben på Kongsberg og i Rollag og Veggli

trekkspillklubb i mange år. Etter kvart fekk han musikarvener landet rundt som han spela

saman med. Kontakten med Arnt Haugen gjorde at han fekk spelejobbar i NRK, mellom anna

i programmet «Husker du».

Kjell spela òg mykje for leikarringar og var spelemann på mange utanlandsturar med

danseframsyningar. Han dreiv òg med opplæring og kursverksemd.

Traaen, Olav (f. 1956) Rollag

Hardingfele

Even

Tråen, Åse Kittilsdotter (1879-1970) Rollag

Vokal

Åse voks opp i nedre Hanseplass, ein plass under Rollag prestegard. Det blei ho og mannen

som tok over etter foreldra, og i deira tid blei husmannsvesenet avvikla og dei blei

sjølveigarar.

Åse var flink med husflid, vidkjent som lefsebakar, og låg på sætra om somrane med dyra. Ho

var ein flink forteljar, og var god til å synge. Dei dansa på bruene i den tida, og hadde dei

ikkje spelemann, så tralla ho Åse.

Traaen, Åsmund (f. 1952)

Rollag. Hardingfele

Lærte av broren Gunnar og syskenbarnet Even. Lærte seinare på kurs med Sigurd Frogner og

helgekurs med Sven Nyhus. I fleire år mykje samspel med andre spelemenn. Har eit stort

repertoar. Spela mykje til dans med gammaldansorkesteret til broren Kjell. Spela mykje med

Hans Thorsås frå Svarstad, dei kom på 3. plass på Titanofestivalen eit år. Spela for

leikarringen BUL Kongsberg, m.a. i Royal Albert Hall i 1977. Styremedlem i NSDL på 1970talet.

Lærar på kurs for nybyrjarar i regi av laget. Har delteke på nokre kappleikar, òg i lagspel

med Numedal spelemannslag.

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

171