Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
You also want an ePaper? Increase the reach of your titles
YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.
Folkemusikere og folkedansere i Numedal

Mor til Gullik Sandbek tente i Jondalen med han var ganske liten. Da han fekk høre Kristian

Liene (Bjørndalen) spela trekkspel, vart han redd og tok til å gråte. Je kan ’kje skjønne han

bli' spelmann, sa Kristian. Men andre dagen ville han ha Kristian til å spela, og da skulle han

ikkje gråte (fortalt av Ole Gutterud, Svene.)

Jon Nisi fortalde om ein gong han spela i ein dans i Aarud (Gransherad). Gullik var heim dit

til mor si da, og han kunne ikkje spela stort ennå den gongen. Han stod ved sida av Jon og

lydde på han heile natta.

Men Gullik kom til å bli ein drivande spelemann. Han hadde forresten tjukt spelemannsblod i

årene. Morfar hans var Gullek Spellemann, og Ola Pålson var oldefar hans. Dermed var han

direkte i slekt med dei fremste spelemennene i Nedre Numedal. Dei var for lengst døde da

Sandbek såg dagens lys. Men av Hellik Rud, og kanskje andre, fekk han tak i slåttene etter

dei. Ein veit ikkje om så mange spelemenn han lærte av, det var nok særleg Hellik Rud. Han

var den han sette høgst etter det ein forstår. Men mora Marit Gulliksdotter, morbroren Pål G.

Lia o.fl. tralla slåttar for han.

Tre spelemenn i vegkanten

På Kongsbergmarken råka han nok mange spelemenn. Av dei ein har hørt nemnde var

Grimsgard og Kleven (felemaker A.C. Kleven) og Lars Fykerud.

Av spelemenn i Flesberg meir på hans eigen alder kan eg nemne Ole Hakkelberg (f. 1878),

Hellik Rognelien (f. 1875) og den noko eldre Ole Gleda (f. 1866) Dessutan var det mange

yngre som lærte av Sandbek: Hellik Renvik (f. 1885) Gullik G. Tåsjemogen (f. 1886) og

Anders Aasen (f. 1884) for å nemne nokre.

Sandbek blei ein populær og flink spelemann som einskilde ikkje kunne få fullrosa. Andres

Aasen snakka om at Sandbek var «rosa» blant spelemennene i den tida Aasen var ung. Ole K.

Møthe fortalde at Sandbek og Hakkelberg hadde øvd seg i å spele saman på ei fele og det var

det same kven av dei som fingra eller drog bogen.

Grytidleg ein søndagsmorgon etter ein auksjon i Lyngdal sat tre gode spelemenn og spela for

kvarandre på ein vegkant. Dei hadde visst spela der heile natta etter auksjonen var slutt. Det

var Torstein Odden, Anders Ødegaarden og Gullik Sandbek. (Fortalt av Hans Hamre etter

far sin).

Eit god emne

Herbrand Hagen fortalde at Sandbek og Odden spela nokre slåttar saman i Den Nationale

forening i Kristiania ein gong. Hagen kytte også av Sandbek.

Om Sandbek er det fortalt at da han fyrst var blitt full spelemann, så var det svært forskjellig

kor godt han spela. Somme tider var han ikkje så særleg, men dersom han var i lag, så var det

noko gjerdlaust.

Store telemarksspelemenn som Svein Løndal og Torkjell Haugerud snakka om Sandbek som

eit godt emne. Og det er vel ganske truleg at han kunne ha nådd lenger hadde han fått leva.

Einskilde har snakka om at han hadde ikkje så lett for å lære akkurat. Ole Gleda var nøye på

slåttane, og det kunne jamvel ende med at dei vart uvenner av den grunn.

Til dans har truleg Sandbek vori ein spelemann av rang. Det va' 'kje tomt på golvet nå’ han

spella, sa Hellik Ranvik. Erik Deildok (1885-1937) som sjøl var framifrå dansespelemann har

sagt at han hadde tufta spelet sitt på Sandbek sitt. Og det var gjerne derifrå han hadde fått det

livfulle, eggande spelet.

Kaffilag og auksjonar

Hellik Juveli fortalde at Sandbek arbeidde på Ulefoss ei tid. Da kom han i samband med

Gunnulf Borgen. Borgen lærte to slåttar av han, og Sandbek skulle lære han å danse halling.

Tjostolv Berget spurde Borgen kva han tykte om Sandbek som spelemann. Han spela godt,

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

141