26.07.2013 Views

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Folkemusikere og folkedansere i Numedal

Steinar hadde overnaturlege evner. Han mana rispeteina til å danse på ryggen til mor si, og

han fekk folk til å møte avdøde bygdefolk. Elles var han rekna for å vera ein vennleg og

omgjengeleg mann med godt humør. Særleg var han populær blant smågutane. Hølje Mykstu

fortalde at Steinar sa so mykje rart til smågutane. ” Har du fisi nyss?” kunne han spørja med

eit flir.

Omkring 1910 fekk Steinar ein særs gåverik elev. Steingrim Haukjem. Av dei slåttane

Steingrim spela inn for Arne Bjørndal i 1959 er det opp mot 50 der Steinar er kjelde. Det er

tydeleg at Steinar sette pris på eleven for han var stadig i Haukjem og spela. Ola Haukjem

som var yngre enn broren Steingrim hugsa desse kveldane og nettene med glede. ” Me sovna

til felemusikk og vakna neste morgon til felemusikk” fortalde Ola. Så der gjekk det i speling

døgnet rundt. Ein vinter var Steinar i Haukjem mest kvar kveld!

Da Steinar døydde i 1919 tok Steingrim det svært tungt, så det han fekk var nok lite i forhold

til alt det Steinar hadde. Steingrim var i det militære da Steinar døydde. Og han sa. ”Det

kunne vel ingen tru det skulle gange slik”

Steinar var far til eit dødfødt barn i 1911. Det gjorde at han reiste til Amerika. Men han var

ikkje lenge borte, omkring eit år eller to.

Steinar lærte seg notar, dei ligg i Glaim den dag i dag. Han har notert oppstrøk og nedstrøk

på dei og gjekk nok grundig til verks. Scharts skreiv notar rett frå Myllarguten si fele. Mellom

anna ei form av Førnesbrunen. Den forma spela Steingrim også og truleg hadde Steinar lært

den forma frå notebladet og Steingrim fra han att.

Steinar heldt konsertar og hadde konsertplakat. På plakaten var det bilete av spelemannen.

Men det er ikkje kjent at han hadde konsertar utanom dalen.

Mange sa at Steinar spela hardt, og at Steingrim skulle ha arva dette. Men truleg er det berre

på grunn av at folk var van med meir puslespel og kleinare feler. Nå desse karane la til så var

det storspel og noko som folk ikke var vane med.

Steinar vart berre 36 år. Han hadde kunna påverka spelet i Numedal til ut på 1960 talet

hadde han fått levd. Og sjøl om Steingrim fekk mykje av spelet så ville det folkemusikalske

landskapet sett annlein ut.

Gladheim, Steinar Kittils. (1848—1897)

Veggli/Rollag. Hardingfele

Far til dei tre brørne Gladheim på Ulstad. Sølvsmed. Skyld spelemenn i Tinn på

Mårheimsrud, Gvåle og Bernås gjennom bestemora Wiel. Vert særleg hugsa for å ha spela

Vegglijenta slik som Pål Løytnantsdreng. Sønene Hans, Ola og Kittil vart spelemenn.

Faren Kittil var vidkjent sølvsmed

Steinar var skyld spelemenn i Tinn gjennom bestemor si Wiel. Ingen skal ha spela Vegglijenta

slik som Steinar etter Pål drog til Amerika er det sagt.

Sønene hans Hans, Ola og Kittil vart og spelemenn. Kittil av stort format.

Dei hadde god råd på Ulstad og dei fekk av dei beste felene. Steinar sette opp eit plankehus

oppmed vegen som gutane skulle ha å spela i.

Glaim, Steinar Halvorsson (1802-1864)

Veggli. Hardingfele

Dette er den eldste av Steinarane med Glaim som ettenavn. Han var ein av 9 syskin. Tanta

hans Ingebjørg vart gift med Pål Løytnantdreng. I desse to sleksledene møter vi dei fremste

kunstnarane i dalen rundt 1800. Ei anna tante til Steinar, Live vart gift til Kleiverud der det

var klukkemakarar og rosemålarar. Sigrid vart gift med den store rosemålaren Nils

Halvorsson Kravik, frå Nore. Eit famiiedynasti med kunstnarar. Sjå Gry

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

52

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!