26.07.2013 Views

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Folkemusikere og folkedansere i Numedal

Svene/Flesberg. Dans

Bjørnsrud, Berit (f. 1964)

Uvdal. Dans

Gjekk i Uvdal barnelag i skoletida, Marit Angeltvedt leiklærar. Deltok på leiarkurs arr. av

Fylkeslaget. Medinstruktør i barnelaget. Leidde òg ein vaksenring som sommaren 1992 reiste

til USA og heldt framsyningar. Seinare leikleiar i Uvdal UL.

Gikk i Uvdal Barnelag (felles barneleikarring for ungane frå Nordstjerna U.L. og Uvdal

U.L.) heile skuletida si med Marit Angeltvedt som fast leiklærar. Ho deltok på leiarkurs arr av

Numedal fylkeslag, og som ungdomsskuleelev var ho sjøv leiar for gruppe i Barnelaget. Etter

1984 var ho leiklærer i barnelaget saman med Grethe Tufto. Dei leia og ein vaksenring som

sumaren 1992 gjennomførde ein leiktur til USA. Gruppa reiste rundt og heldt framsyningar i

Minnesota med mange norskætta tilhøyrarar.

Berit prøvde å halde barneleikarringen i gang på Uvdal skule, prøvde med kveldsøvingar og

øving i SFO-tid. Vanskeleg kombinasjon med jobb, og barneleikarringen tok pause nokre år,

men Berit som har tre gutar sjøv, seier ikkje nei om skulen treng hjelp med leik i musikk-faget.

Bjørnsrud, Kristoffer Ols. (1885—1972)

Flesberg/Kongsberg. Hardingfele, felemakar

Høyrde som ung Eivind Aakhus, Setesdal på konsert, vart inspirert og byrja spela. Førebileta

var Anders Ødegaarden, Gullik Sandbek, Ole Hakkelberg og Ole Nærlieie. Deltok mykje på

kappleikar etter fylte 60 år. Lærte mykje av finessane i felemakeriet av Gullik Sandbek. Heldt

opp med felemakeriet i mange år, byrja att i 1950. Reparerte òg mange instrument. Med i

Numedalslaget på Kongsberg. Aktiv i Kongsberg spelemannslag i mange år, æresmedlem i

laget.

Kristoffer var mellom anna ekspeditør i Eie landhandel i Flesberg som ung, gifte seg og flutte

til Bevergrenda, seinare til Kongsberg. Der han arbeidde på Opland Trevarefabrikk i om lag

40 år.

Som ung gut høyrde han Eivind Aakhus frå Setesdal halde konsert i skulestugo på Førli.

Etterpå fekk Kristoffer laga seg fele og byrja å pusle og spela litt. I byrjinga høyrde han på

ymse spelemenn og deretter øvde på eiga hand. Blant førebileta som spelemenn var: Anders

Ødegaarden, Gullik Sandbek, Ole Hakkelberg, og ikkje minst Ole Nærlieie.

Spelemennene spela slåttane meir på sin spesielle måte før, fortalte Kristoffer.

Han deltok mykje på kappleikar etter han var fylt 60 år.

I yngre år laga han nokre feler. Det fyrste instrumentet han laga var ein salmodikon. Mykje

av finessane i felemakeriet lærde han av Gullik Sandbek. Ole Nærlieie kjøpte si fyrste fele av

Kristoffer, ei kom til Nykirke i Vestfold og den beste han laga i den tida, selde han til Hellik

Juvenes for 100 kroner – ein bra pris i den tida. Så blei det opphald med felemakeriet i mange

år, han tok til att i 1950. Den fyrste fela han da laga , som gjerne vert kalla ”Gamlefela” blei

han boden 1000 kroner for av Kjetil Løndal nokre år seinare. Bent Arve Bratås har den fela.

Mange kjende spelemenn prøva felene til Kristoffer og lika dei godt. Han reparerte òg mange

instrument i desse åra. Han dreiv òg noko med rosemåling.

Kristoffer var æresmedlem av Kongsberg spelemannslag. Han var kasserar i laget i mange

år. I Numedalslaget på Kongsberg var han òg med.

Bjørnsrud, Lars Ole (f. 1963)

Uvdal. Dans

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!