Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
Folkemusikere og folkedansere i Numedal

Dei spurde om han ville låte litt på fela. - Det skulle eg gjerne gjort, sa han, men folka her i

huset likar ikkje å høre fela. Og da var det ikkje noko å snakke om.

Den kjende spelemannen Eivind Aakhus vitja han òg mange gonger på hans gamle dagar

(Aakhus: Minne frå Noreg og Amerika 1932, s. 44).

Gudbrand Skjellerud fekk ein stussleg ende. Eit år han skulle kjøre korn til ei mylle i næraste

by, sprang hestane ut for han. Han blei kasta av vogna og kom under eine hjulet. Etter dette

blei han ikkje helsemenneske meir og låg til sengs resten av sine dagar. Det hende visst han

sat i senga og spela, for det kom mange på vitjing og ville høre nokre slåttar.

Skjellerud'n døydde på farmen til sonen sin, Anders, nær Dundee, N. Dakota i 1901. Ute på

Park Centre kyrkjegard, Walsh County står ei falma marmorstytte med denne innskrifta:

Gulbrand Anderson Borge

f. 31. dec. 1818, død 14. febr. 1901 Mrs. Guri Anderson Borge født jan. 1820, død 4. oct.

1893

Fleire av etterkomarane til Gudbrand arva interessa for musikk og kunne handsama ymse

instrument.

Litteraturliste:

Flatin, Tov. Gudbrand Skjellerud. (I: Numedal 1917, s. 185-186) .

Mr. og Mrs. Gudbrand Skjellerud. (I: Hallingen 1931, nr 76)

Ørpen, Truls. Ola Kleiva (Kleven) . (I: Norsk ungdom 1931. - Om Skjellerud s. 112-113)

Ørpen, Truls. Folkemusik i Krødsherad. (I: Norsk folkekultur 1932 - Sjå s. 30-31 )

Perstølen, Ola. Gamle spelemenn i Hallingdal. (I: Norsk folkekultur 1933)

Skavlem Thore. Gudbrand Skjeldrud. (I: Aarbok for Numedal, Kongsberg og omegn lag 1934,

Numedalsdelen s. 7-9. Jfr. Spelem.bl. 1967, nr 3)

Nelson. Peder. En bygdespillemand. (I: Hallingen 1938, nr 104).

Sevre, Ingebregt..Skjelleru'n. minnes i radioen. (I: Hallingdølen 1938, 4.2) .

Sataøen, Sevat. Hallingspelet og gamle spelemenn i Hallingdal. (I: Hallingdølen 1951, 10.4).

Ørpen, Truls. Felespel og spelemenn i Hallingdal. (I: Norsk musikkgransking. Årbok 1951-

1953)

Sevre, Ingebregt. Skjelleru'n som lærte sitt spill frå Notset'n.. (I: Spelem. bl. 1956, nr 5-6).

Spelemenn i Øvre Numedal. (I: Spelem.bl. 1956, nr 5-6).

Spillemannen Skjelleru'n.. (I: Spelem.bl. 1965, nr 3).

Loftsgaard, Torstein K. Nore i forn og nye. B. 2. s. 577-578.

Narum, Guro Hoftun. Slekter i Gol II (1976) . Sjå kap. Dyrskue.

Slåttetradisjon frå Hallingdal i Bjørndalsamlinga. Ymse munnlege kjelder.

Etter Sverre Heimdal i Nore og Uvdal

Skjellerud var fra Nes i Hallingdal og flutte til Vestre Borge i 1860. Han vart buande der i 19

år. Som den storspelemannen han var, påverka han i desse åra spelet i Øvre Numedal bade

med omsyn til takt og slåttar. Skjellerud'n skal ha hatt eit reint, kraftig og saftig spel. Fela

heldt han mot bringa som skikken var.

Framleis er Skjellerud-springarar vanleg bruka av spelemenn i dalen. Dei er friske og lette og

har mykje av hallingpreget i seg. At spelet hans var godt lika og teke etter, hadde kanhende

noko med at det var friskare enn det ein var van med og difor verka som noko nytt.

Ola Goesen Prestegarden fra Uvdal høyrde Skjellerud'n ein gong på ein 17-mai fest på

Uvdalsøyane. Han fortalde om dette til Tov Flatin: "Då var det møtt fram so usturteleg mykje

folk, jamvel lesarar, for dei ville høyre med han leika. Han spela so høgt, at dei vel kunde

danse etter det oppi tunet på Prestegarden".

Ein gong han hadde spela på Kongsbergmarken kom Myllaren heim til Telemark og fortalde:

"Nei, eg høyrde ein spelemann på Kongsbergmarknaden. Dei kalla han Skjelderuden, det var

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

149