26.07.2013 Views

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

Biografi over folkemusikarar og –dansarar i Numedal

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Folkemusikere og folkedansere i Numedal

Andre venda han var i USA, 1903 til 1912, og den tredje og siste venda var han i Canada frå

1927 til 1936. Då dreiv han mest med farming. Det var større avstandar mellom

nordmennene der, og dei budde meir spreidd.

Kvar gong Ødegaarden kom att til Norge reiste han omkring og heldt konsertar. Sjølvsagt i

Numedal, men og i Sigdal, Hallingdal, Telemark - til dømes Drangedal og Lunde, visse

bygder i Agder - så som Gjerstad, Åmli, Gjøvdal og Tovdal. Også i Setesdal skal han ha vori.

Olav Heggland fortalde at Ødegaarden heldt ein konsert på Austad i Setesdal kring 1902-03.

Det var ute i strålande solver. Han spela fint, sa Heggland, som sjølv var fyrsteklasses

konsertspelemann.

Setesdalsspelemannen Hallvard Rysstad vitja Anders på Øygarden i Svene. Dei reiste på

konserttur saman. Slåttar Rysstad lærte av Ødegaarden blir spela i Setesdal enno.

Ødegaarden besøkte spelemannen Ola Helleksen i Åraksbø. Far hans var Hellik Gulson frå

Koppangen i Svene og kom til kopparverket i Åraksbø 1846. Han skulle vori ein riktig god

spelemann denne Hellek.

Ødegaarden hadde ei framifrå evne til å opptre. Ikkje berre musikken var framifrå, men han

var ein ypparleg forteljar. Berre synd at sogene og skrønene hans stort sett er gløymde for

alltid. Han hadde ei soge han kalla «Det fraus». Ikkje berre det at sogene var morosame, men

forteljemåten vog nok også mykje.

Sjølv om han hadde vore tilsaman 22 år i Amerika, beherska han dialekta særs godt og

utnytta det i forteljarkunsten

Dessutan var han ein ordenskar som ikkje låg under for det sterke. Mykje av spelet han kunne

er vel også gått i grava med han, iallfall hans form på mange slåttar og sikkert ein god del av

det han sjølv komponerte, mellom anna tonestykke og nyare runddansar. Eit stykke han kalla

«En aften ved Bemidji» - ligg i Minnesota - skulle vori fint.

Han hadde ikkje lært seg notar, og det kan nok vera at han var litt for forsiktig med å lære frå

seg. Ein ting som tyder på det er mellom anna at då den kjende spelemannen og

folkemusikksamlaren frå Krødsherad, Truls Ørpen, skulle skrive opp Tangeslåtten, så sa

Ødegaarden seinare: «Men han fekk nå ikkje alt da». Og når Ørpen spela Tangeslåtten, så er

det visst rett at det mangla litt samanlikna med slik Ødegaarden spela.

Ødegaarden spela godt alle dei slåttane som blei bruka her i bygda, sjølvsagt, for eksempel

«Hostveiten» og «Spursmann». Spursmann er ein som skulle gå og legge fram ynskje frå

friaren. Det var vel helst foreldra til jenta han vende seg til.

«Sevli'n» er no ein av dei større slåttane Ødegaarden spela. Men han spela og slåttar frå

andre kantar, for eksempel «Tomasklokkeslåtten», som somme meiner var noko av det han

spela best. Så var han så interessert i slåtten «Nordfjorden». Ødegaarden fann ofte på namn

på slåttane. For det fyrste var det heller lite med slåttenamn i gammal tid. Elles hende det nok

han fann på namn som gjorde seg på konsertprogramma, «Den misfornøgde ektemann» for

eksempel. Til kvardags, om vi skal seia det slik, kalla han slåtten «Kastens-Marit». Ho var

fenomenal til å danse i si tid. Andre stader er denne slåtten kalla «Tukthusen».

Han hadde også massevis av valsar, reinlendarar, hamburgarar og slikt, som mange tykte

godt om. Han bruka gjerne å spela til dans etter han var ferdig med konsertprogrammet. «Je

har spella fer både svarte og gvite bein», sa han.

Ingen spela «Tangeslåtten» betre enn Ødegaarden i si tid. Det er likevel ikkje godt å påstå at

Pålson spela slåtten akkurat slik. Det er fleire mellommenn, alle dugande. Kanskje nett derfor

kan slåtten ha blitt farga av fleire. Det vert iallfall sagt at Hellik Rud skal ha sett sitt stempel

eller preg på den. Kanskje må ein seia som vossaspelemannen Sjur Helgeland skal ha sagt:

«Det som er det finaste er det rettaste». Utsegna er og lagt til Myllarguten.

I det store noteverket «Norsk Folkemusikk» er mellom anna ein gangar etter Naper'n

oppskreven etter Ødegaarden. Hellik Juveli spurde Eivind Groven om korleis han hadde vori

til å spela han som hadde spela den slåtten. «Jau, han har vori god te spela», sa Groven.

Biografier samlet av Numedal Spel- og Dansarlag. Versjon: juni 2011.

181

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!