11.11.2014 Views

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

26

I oppgåva brukar eg derfor mål som eige omgrep for uttalte (skildra)

veremåtar/ tankar og følelsar som personar har slutta seg til.

I engelskspråkleg behandlingslitteratur brukar ein omgrepa "target" og

"goal," som kvar for seg skildrar endringsmål på ulikt vis.

"Target," som mellom anna tyder blink, kan ein forstå som høg grad av

presisjon mot eit bestemt og spesifikt mål (Webster 1979, s. 1866). "Goal"

er på andre sida ei rett line som markerar slutten av ei tevling (ibid. s. 782)

der krysningspunktet på lina ikkje er viktig. I engelskspråkleg

behandlingslitteratur knyt ein ofte omgrepa saman med ordet "task".

Omgrepet kan omsetjast med "eit stykke arbeid" eller " ein

arbeidsoperasjon" (op.cit. s. 783). I litteraturen konkretiserer omgrepet det

personen må gjera for å nå bestemte mål.

Det vert altså operert med grader av spesifisering med omsyn til mål og

målåtferd. Det engelske omgrepet «goal» skildrar mål for heile

behandlinga og vert omtala som behandlingsprogrammet, medan

"targetbehavior" konkretiserer veremåtane som er i fokus for endring.

"Task" er åtferd konkretisert steg for steg for å nå målet (sjå Kazdin 1994,

s. 60). "Taskanalysis" er mellom anna terapeuten sitt arbeid med å utvikla

programmål til avgrensa, spesifikke og endringsmoglege veremåtar (ibid.

s. 62). Omsett til norsk kan programmål, behandlingsmål (goal),

handlingsmål og individuelle mål (targetbehavior som operasjonaliserte

veremåtar) og målarbeid (taskanalysis) verka fornuftig.

Ei avklaring

Det er viktig å skilja mellom arbeidet med behandlingsmål og målstyring

som metode. Målstyring er metodar retta mot oppgåver og personell i

organisasjonar. Her er mellom anna driftsmål definert gjennom budsjett,

produksjonsstorleikar ellere til dømes kvotar. Desse er i hovudsak eksterne

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!