11.11.2014 Views

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

68

Kapittel 4

Funn

4.1 Dei som har svart

Meir enn tre firedeler av respondentane er kvinner, 12 er menn. Snittalderen

er 41 år. Dei fleste har lang fartstid innan institusjonsarbeid, med

gjennomsnitt i tilsetting på meir enn sju og eit halvt år. Tilsettingstilhøvene

fordeler seg med 21 miljøterapeutar, tre styrarar, fem styrarassistentar, åtte

avdelingsleiarar og to avdelingsleiarassistentar. Andre fagstillingar er

representert med tre familieterapeutar, fire sosialkuratorar og fem psykologar.

Resultata syner at eit fleirtal (omlag 60 prosent) av respondentane er

knytt til administrasjon og andre fagstillingar enn miljøterapeutisk virke i

institusjonen. Dei fleste er dermed ikkje miljøterapeutar, men mest alle

fyller krava til å vera respondent.

Meir enn halvparten har hatt anna stilling ved same institusjon. Dei fleste

av dei svarar at dei har tatt til i stilling som til dømes miljøterapeut eller

avdelingsleiarassistent. Dette kan tyda på at mange "stig i gradene" innad i

institusjonen, og endar til dømes i styrar, styrarassistent, avdelingsleiar

eller i anna fag stilling. Den største gruppa, 23 stykker, er utdanna barnevernpedagog.

Pedagogar (lærarar og førskulelærarar) utgjer den nest

største gruppa med åtte respondentar. Øvrige er fordelt med fem sjukepleiarar,

sju vernepleiarar, fire sosionomar og fem psykologar. Omlag tre

firedeler har gjennomført vidareutdanning etter grunnutdanning. Desse

deler seg i tre hovudkategoriar; administrativ, fagleg/ teoretisk og klinisk,

med ei tilnærma lik fordeling mellom dei tre. Dei fleste meiner dei har hatt

relativ godt utbytte av vidareutdanningane dei har delteke i.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!