Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet
Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet
Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
50

den enkelte miljøterapeut og miljøpersonalet som helhet må vite

hva de ønskjer å tilføre de unge gjennom samhandling med dem

(op. cit. s. 34).

Behandlingsmål er her utleda av relasjonen mellom klienten og terapeuten

og beskrive med kjenneteikn som overordna, underordna, langsiktige,

kortsiktige, hovudmål, delmål og som realistiske (ibid. s. 80). Det vert

framheva at ein i målarbeidet må bearbeida langsiktige og overordna mål

til underordna og kortsiktige mål. Målgrunnlaget er utvida, men mål er

framleis implisitt i teori og mest resultat av katalysatoreffekten i samveret

mellom terapeuten og klienten (ibid s. 34). Grønvold (1992) understrekar

behovet for brei kartlegging og utgreiing i form av til dømes ulike

registreringsformer og intervju, men drøftar ikkje til dømes bruk av

standardisert utgreiingsmetodikk som ligg føre til bruk i institusjonen.

Tidleg internasjonal litteratur for miljøterapi hevdar å ha eit pragmatisk

tilhøve til praksis. Her vert miljøterapi skildra som eit virke bygd på ulike

teoretiske retningar, der ego - psykologi, læringsteori og til dømes

sosiologisk teori er viktige og går saman (sjå til dømes Trieshman,

Whittaker & Brendtro 1969; Brendtro & Ness 1983).

I det seinare er miljøterpi forsøkt sett inn i ei systemteoretisk ramme, med

auka fokus på samspelsvilkår rundt barnet/ den unge både i og utanfor

institusjonen (Christensen & Larsen 1992). Heller ikkje i dei sistnemnde

utviklingstrendane finn ein behandlingsmål og målarbeid særskild beskrive

eller drøfta.

2.7 Framgangsmåtar i målarbeid grunna i teori og empiri

Evalueringsstudier syner at ulike tilnærmingar til terapi gjev positivt