11.11.2014 Views

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

42

Larsen & Nytrøen (1987) undersøkte målspesifisering i ein skule for

psykisk utviklingshemma, ved å kategorisera mål etter følgjande fire

kategoriar;

(1) generelle mål, (2) spesifikke mål, (3) delmål og (4) mål ikkje

spesifiserte. Dei fann at kategoriane (1) - generelle mål og (4) - mål ikkje

spesifisert, utgjorde 75 prosent i deira undersøkjing.

Visjonar - organisasjonen

I organisasjonar skildrar visjonar kva verksemda arbeider for å nå, og kva

medarbeidarane sluttar seg til. Visjonar tek ofte utgangspunkt i idealer og

skisserer til dømes kven ein arbeider med og kva brukarane kan forvente

å få som tilbod. Eit døme kan vera; «Institusjonen arbeider med miljø,

familieterapi og tilrettelagd skule for å betra samspel, redusere problem og

auka livskvalitet hos barn og føresette i ein nærmiljøsamanheng.»

Programmål - empirisk grunngjevne mål

Litteratur skildrar mellom anna behandlingsopplegg retta mot definerte

problematikkar, aldersgrupper og kulturar (Garfield & Bergin 1994;

Kazdin 1994). Behandlingsprogramma har gjerne overskrifter som

«utvikling av sosiale veremåtar» eller til dømes «utvikling av lese - og

skrivedugleikar.»

Desse målsettingane kallar eg programmål, eit omgrep lånt frå

engelskspråkleg litteratur. Programmål refererer til psykologisk -

pedagogiske tiltak som har vist effekt i terapi og opplæring av til dømes

sosiale dugleikar som sjølvhevding, betra fungering i klasserom, styrka

sjølvbilete eller til dømes betra lese og skrive-dugleikar med meir

Programmåla er upersonlege, og fortel kva for behandlingsprogram ein kan

nytta overfor bestemte problematikkar (til dømes barnedepresjon).

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!