Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet
Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet
Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
70

4. 3 Organisering og tilbod i institusjonen

Klientarbeid og internt samarbeid

Praktisk talt alle (98 prosent) svarar at det ved institusjonen er rutine å ha

spesialkontakt i miljøet. Dei fleste (omlag 60 prosent) svarar at ein har

organisert arbeidet med skulekontakt, medan færre svarar at ein har

familiekontakt. Eit fleirtal (65 prosent) svarar at ein i arbeidet brukar

primærteam, som oftast er sett saman i kombinasjonar med miljøterapeut,

lærar og familiearbeidar. Teamet møtest i snitt kvar fjortande dag (ofte

kvar veke for nye klientar). Staff vert halde i snitt tre gonger i halvåret,

medan omlag halvparten svarar at ein gjennomfører mellomliggjande

hyppigare og mindre fagmøter.Tre firedeler svarar at det ikkje er vanleg,

eller at det varierar om heile personalet deltek i fagmøter eller ikkje. Dei

som vanlegvis ikkje deltek er til dømes tilsette i deltidsstillingar, vikarar

og merkantilt personale. Omlag halvparten svarar at tilsynslegen deltek

javnleg i slike faglege møter.

Fagleg organisering

I høve til næraste fagleg overordna, svarar største gruppa at det er avdelingsleiar.

At ikkje fleire svarar slik eg forventa, psykologen ved institusjonen,

kan vera resultat av måten eg spurte på. På spørsmål om kven som

er behandlingsfagleg ansvarleg ved institusjonen svarar omlag 90 prosent

at det er psykologen, resten svarar styrar.

Dei fleste (omlag 60 prosent ) svarar at dei javnleg mottek vegleiing, som

tyder at omlag 40 prosent av institusjonspersonalet ikkje mottek vegleiing.

Omlag 85 prosent svarar at dei javnleg får undervisning. Vegleiing vert i

følge svara gjeve i gjennomsnitt annakvar veke, medan undervisning i snitt

vert gjeve ein gong kvar månad. Få (8 prosent) svarar at dei javnleg mottek

konsultasjon.