11.11.2014 Views

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

Målarbeid i det miljøterapeutisk arbeidet

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

78

4.5 Hovudspørsmål

1) Korleis arbeider ein med deldimensjonane i mål i institusjonane

Over halvparten av respondentane seier dei utarbeidar operasjonelle mål

for behandling av den einskilde klienten. Dei fleste svarar dei formulerar

mål skriftleg. Det er interessant å sjå at fleire svarar at dei utarbeidar mål

skrifteleg enn kva som er tilfelle for tiltak. Det kan utfrå eigen erfaring ha

samanheng med at tiltak ofte krev høgare grad av spesifisering i ord og

ordbruk og er meir krevjande for den som skal gjera arbeidet. Eit fleirtal

svarar at behandlingsmål både er realistiske og enkle å forstå. Sjølv om

tendensen er positiv, er det verdt å merka seg at ein tredel svarar at behandlingsmål

berre av og til eller sjeldan er råd å forstå og ein femdel seier

måla sjeldan eller berre av og til er realistiske. Dette vel eg å forstå i

samanheng med at heile 63 prosent finn at det berre av og til eller sjeldan

er råd å gje eintydig tilbakemelding til klientane utfrå behandlingsmåla

som gjeld. I undersøkjinga svarar og bortimot halvparten at behandlingsmål

sjeldan eller berre av og til er klåre. Desse svara oppfattar eg som

motsetnadsfulle og vanskelege å forklara ved at behandlingsmål både vert

skildra som realistiske og uklåre på ein og same tid.

Tendensane kan etter mi meining settast i samanheng med at mange seier

dei berre sjeldan eller av og til operasjonaliserar mål og at relativt mange

berre av og til eller sjeldan finn at behandlingsmål er klåre. Samstundes

oppfattar eg at tendensen vert svekka ved at bortimot tre firedeler svarar

positivt på at det er klår samanheng mellom mål og tiltak. Utfrå eigen

erfaring vel eg å forstå det på bakgrunn av at mange tiltak når det kjem til

stykket er målformuleringar utan spesifikk beskriving av kva ein vil

organisera rundt klienten eller kva vaksne faktisk skulle gjera. Dette kan

vera ein grunn til at ein opplever at det er ein positiv samanheng mellom

mål og tiltak. I materialet svarar også eit fleirtal at behandlingsmål for den

einskilde er utfordrande.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!