12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Avslutning

Skulearkitekturen i denne oppgåva viser bredde og variasjon, noko som gjev innblikk i eit

utviklingsførelaup som prega 1900 talet. Byggverka hentar sine referansar frå ulike

arkitekturhistoriske stiluttrykk som samsvarar med den aktuelle tidsepoken skulane tok form.

Spørsmålet om dei sentrale pedagogiske læringsteoriane er eit avgjerande moment i utviklinga

kan svarast på ved å samanlikne arkitektur og teori. Det viser seg at det arkitektoniske

formspråket avslører tydelege spor av læringsteoriane som regjerte til ulike tider i hundreåret.

Framstillinga gjev også ein peikepinne på ei kategorisering av skulebygningane der to grupper

utmerkar seg. Formspråket ved Rothaugen og Landås er symmetrisk, enkelt og organisert på

ein repeterande måte, noko som karakteriserar bygga innan merkelappen auditorieskule.

Denne karakteristikken høver til den formidlande og bokstyrte pedagogikken som vart

praktisert ved desse skulane. I den andre gruppa finn ein eit meir levande, organisk eksteriør

og eit variert indre som markerer dei tre andre skulane som laboratorieskular. Eit slikt merke

samsvarer med eit barnesentrert pedagogiske lærdomsyn prega av individuell vekst,

utforsking og aktivitetsprega undervisning. Svaret på spørsmålet er difor at læringsteoriane

påverkar utviklinga av skulearkitekturen og kan lesast som synlege spor i arkitekturen. Ser vi

vidare til samanheng mellom det idéhistoriske utgangspunktet og skulebyggas

arkitekturhistoriske referanse opnar det seg nye perspektiv til problemstillinga. Diskusjonen

gjekk vidare til det symbolske aspektet i skulanes eksteriør.

Samanlikning av arkitektur og ideologi

Utforminga av Rothaugen og Landås viser til ein skulekvardag prega av styring, kontroll,

disiplin og tradisjon, noko som også kan karakterisere arkitekturteoriar som historisme og

modernisme der reglar og tradisjonar står som sentrale element i framstilinga. Det er tydeleg

at skulearkitekturen endra seg i takt med samfunn og pedagogiske svingingar i tida. Etterkvart

som dialog, medbestemming og eit ynskje om å tilfredstille brukarens behov dukkar opp som

viktige faktorar kan ein sjå at skulane let seg forme etter nye arkitekturprinsipp. Større fridom

og ein organisk arkitekturform som høver til det pedagogiske innhaldet let seg påvise i

utforminga av Loddefjord, Steiner-skulen og det moderne skulebygget Apeltun. Ein ideologi

prega av aktivitet og interesse treng eit formspråk som møter dei nye læringsaktivitetane.

Dette kjem til syne i eit levande, komplekst og samansatt formuttrykk som appellerar til barns

leik og aktivitet.

101

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!