12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

skulens formspråk, og gjennom den komplekse og samansatt forma får ein inntrykk av at

skulen former seg etter landskapets formasjonar.

Fig. 26 – Skulegarden Fig. 27 – Arkitektur og natur i samspel

Naturen opptrer i same miljø som bygget og understrekar at skulen er ein del av terrenget

(fig.27). Studerar vi formene nærare ser vi også at nokon av dei arkitektoniske elementa

hentar sitt formspråk frå omgivnadane. Eit døme ser vi i fasaden der arkitekturen fyljer

fjellformasjonen i bakgrunnen (fig.22). Vi ser på denne måten at former frå naturen rundt vert

tatt opp og vidareført i arkitekturformene. Den øvre arkitekturen i det urbane miljøet rundt

skulen viser typiske bustadblokker i betong og kjøpesenter. Dette markerar ein kontrast til

skulebyggets naturlege preg som skil seg frå betongarkitekturen som vi finn i området rundt.

Det er også tydeleg at tanke for terrenget og typografi er eit sentralt trekk ved Loddefjord

skule der bygget fyl landskapets formasjon og tek opp element frå omgivnadane rundt. Det

naturlege materialvalet føyer også denne skulen inn i rekka av det vi kan kalle eit organiske

formspråk. Med denne karakteristikken kan vi sei at skulebyggets utforming har teke ein ny

retning som bryt med det formspråket som vi ser tidlegare i hundreåret. Dei massive og

dominerande bygningskroppane er her erstatta av ein meir nøktern arkitektur som føyer seg

etter omgivnadane og som veks fram med eit organisk og levande formspråk. Endringa kan

forklarast med at arkitektane leita etter nye prinsipp å forme bygningane etter.

I Noreg ser vi også ei motvekt til det stiliserte og enkle formspråket til modernismen. Fredrik

Konow Lund og Knut Knutsen er blant andre to arkitektar som viser denne tendensen i

formgjeving av sine bygg. Fellestrekk hos dei to er at dei teiknar hus med nær samanheng

mellom bygning og natur, og gjer særleg bruk av terrenget på byggjeplassen. 42 Arkitekturen

står fram som lange, lave bygningskroppar som er satt saman på ein slik måte at det vert god

kontakt mellom interiør og uterom. Dette understrekar eit nærast organisk samband til

42 Brekke, Nordhagen og Lexau (2003) s. 313

28

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!