12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Sentrale pedagogiske læringsteoriar i norsk grunnskule

Ulike pedagogiske læringsteoriar har satt spor etter seg i norsk grunnskule, og dette kapittelet

vil gje ein presentasjon av desse. Eg ynskjer å fokusere på dei aktuelle teoriane som har

regjert på 1900 talet og som på mange måtar har påverka undervisningsmetodane og

læringsaktivitetane i den norske skulen. Presentasjonen vil ha eit historisk perspektiv der eg

vil sjå nærare på korleis tankane rundt undervisning utvikla seg ut over i hundreåret og legge

vekt på dei aspekta som påverka desse endringane. Det kan også vere aktuelt å finne ut av kva

for kulturhistoriske forankringar desse teoriane botna i. Denne utgreiinga vil opne for ein

diskusjon der eg vil samanlikne og sjå utforminga av skulearkitekturen i lys av desse

pedagogiske teoriane.

Svært mykje av det moderne tankegodset når det gjeld undervisning blei utforma på slutten av

1700 talet og byrjinga av 1800 talet i Tyskland. Det var ei tid då interessa for offentleg

oppseding og undervisning av heile folket vakna for alvor. Opplysning av den breie

folkemassen stod sentralt i utviklinga. Nyhumanismen blei viktig og det heng saman med

framvekst av vitskap, industrialisering av samfunnet og trua på framskritt gjennom kunnskap

og opplysning. Synet på barnet endra seg også i denne tidsperioden. I tidlegare tider såg ein

barnet som små vaksne, og dei var ikkje sjølvstendige individ, men arbeidskraft frå 7 års

alderen. 63 Dette endra seg på 1700-1800 talet og kvart enkelt barn vart tatt betre vare på. Ei

slik endring heng saman med at barndommen vert oppdaga, og Jean-Jacques Roussau (1712-

1778) sin barnesentrert filosofi kjem på bana. Han formidlar at barnet har ein eigenverdi og

representerar det ekte og naturlege. 64

Eit anna viktig bidrag til tenking rundt undervisning og læring blei utforma i USA på byrjinga

av 1900 talet. 65 Då vakna aktivitetspedagogikken til liv, og tanken om at elevane burde vere

aktive i læringsprosessen vart sentral. Denne teorien skil seg ut i høve dei rådande tankane

innanfor nyhumanisme og opplysningsfilosofi som hadde prega undervisningsmetodane

tidlegare. Pedagogikkprofessor Gunn Imsen kategorisere undervisning og læringsteoriar

innanfor fire hovudperspektiv: Ein kunnskapssentrert, ein barnesentrert, ein pedagogikk som

63

Bøe,J.B. Økonomiske og materielle forhold – et historisk perspektiv. I Skaalsvik, E.M og Kvello Ø. (red): Barn

og miljø: om barns oppvekstvilkår i det senmoderne samfunnet. (Oslo: Tano Aschehoug) s. 17

64

Bøe s. 17

65

Imsen (2003) S. 54

43

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!