12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

og tydelege fysiske rammer viser også til ein disipliner og streng undervisningsform. Slike

tankar råda også innanfor Reformasjonen og pietismen på 1500-1600 tale, og dei formar også

nokon tankar rundt undervisning og opplæring som minner om dei rasjonelle ideologiane.

Opplæring i kristendommen var her det sentrale, med utgangspunkt i Bibelen. Kunnskap og

vegleiing vart nødvendig for å oppnå frelse. 113 Pietismen la vekt på individuell religiøs

erfaring og ved sida av den rette trua var det viktig å leve eit fromt, moralsk og sparsamt liv.

August Hermann Francke (1663-1727) var prest og professor og står som ein viktig talsmann

for pietismen og skulesystemet som vart utvikla innanfor denne retninga. Dei såg på

mennesket som syndig, difor var det viktig å legge band på barns naturlege lyst til leik og

utfalding. Noko som kjem til uttrykk i eit formspråk med klare rammer og fysiske grenser

som er med på å forme elevanes rørsle og aktivitet. Barna skulle vere minst mogleg overletne

til seg sjølv, og heller vere underlagt ein målmedviten leiing. Tre dydar vart haldt fram som

dei viktigaste: sanningskjærleik, lydigskap, og flid. Løgn, sjølvråde og lediggang var på lik

linje tre laster som ein måtte halde seg unna. Opplæringa var med andre ord prega av streng

disiplin, hardt arbeid og lite fôrnøying. Atter ein gong kan vi samanlikne formspråket med

institusjonar som militæret eller fengsel der lydigskap, disiplin og streng kontroll står på

programmet. Det same lukka og massive motivet finn vi i bygningar som fungerar som

militærbase, såkalla forlegningar der dei som utfører militærteneste bur (fig.57).

Fig. 57 - Oskarborg 1856

Her finn ein att den same symmetrien, dei harde

og tunge materiala og ein massiv bygningskropp.

Men det er ikkje berre den arkitektoniske

utforminga som minner om Rothaugen skule. Ein

pedagogikk prega av streng disiplin og

systematikk har klare fellestrekk med opplæringa

innanfor militære. Den strenge og systematiske

retninga som pedagogikken tek inneber også eit

behov for disiplin og kontroll. Difor er det lett å tolke dette festningsmotivet som skulen har

henta inspirasjon frå som eit symbol på skulens pedagogiske innhald. Med andre ord ein

kunnskapssentrert pedagogisk teori der systematisk styring og disiplin står saman med ein

regelstyrt og fornuftbasert undervisningsmetodikk som fører fram mot sann kunnskap. Ein

113 Imsen (2003) S. 56

61

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!