12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

grip om dei samtidig som fargane opplevast som rolege, støttande og trygge. 158 Dei større

elevane skal få moglegheit til å strekke seg, noko som vert illustrert i det vertikalt orienterte

interiøret. Overlyset skal gje ein kjensle av det lette, medan dei blå veggane skal støtte

intellektet og få elevane til å bruke eigne krefter. 159 Rudolf Steiner meinte at menneskets

subjektive oppleving av rom og bygningar er sterkt avhengig av formene, og han la stor vekt

på farganes psykologiske effekt, influert av Goethes fargelære. 160 Dette er utgangspunktet for

at Steiner-skulane er bygd etter slike prinsipp, og fargane i klasseromma skal helst være

tilpassa det aktuelle klassetrinnet slik Steiner uttrykker det. Den offentlege grunnskulen på si

side kan også skilte med eit samspel mellom pedagogikk og skulebygg, men ein oppfattar

ikkje denne samanhengen som like framtredande. I dei historiske offentlege skulebygga finn

ein til dømes ingen rom som skal vere spesielt tilpassa eit bestemt alderstrinn. Fargane som

pregar interiøra står ikkje fram som medvitne val knytt til farganes psykologiske påverknad.

Ein oppfattar interiøret som meir monokromt, der fargane er enkle og nøytrale og like overalt.

Mykje tyder på at den offentlege skulen hentar noko inspirasjon frå Steiner-skulen når nye

skulebygg skal formast. Dette kom fram i intervjuet med rektor ved Landås skule. Det viser

seg at planlegginga har reist spørsmål om ein skal tilpasse dei ulike areala til bestemte

alderstrinn. Eit prinsipp om at bygget skal vekse med elevane er tanken og bakgrunnen for

dette, og minner mykje om måten Steiner-skulen organiserer sine undervisningslokale på.

Antroposofi kontra den offentlege skulen – ei lita samanlikning

Eit antroposofisk menneskebilete inneber at Steiner-pedagogikken prøver å skildre ein

eigenart for kvar livsalder. Læreplanen deira uttrykker eit forsøk på å finne fram til eit stoff

som passer til barnets alder. På denne måten meinar dei at ein kan oppnå at det rette stoffet

tenner ein begeistrande eld i barnet. 161 Dette menneskebilete er også grunnen til at 6 åringane

framleis går i barnehagen i Steiner-skulen. Dei meinar at ein ikkje er moden til å byrje i

skulen før ein er 7 år, og dette forklarast ved at ein då har utvikla kompetanse som

konsentrasjonsevne, arbeidsevne, uthald og førestillingsevne. 162 Skulestart er også, i fylje

Steiner-pedagogikken, ei kritisk tid med stor overgang, og av den grunn bør ein ikkje skunde

denne fram før barnet er modent. Slike tankar forklarar grunnen til at dei små borna vert tatt

ekstra godt vare på når dei fyst byrjar på skulen. Ein ser at klasserommets form tek omsyn og

158 www.husweb.no (lasta ned 10.02.2009)

159 Steiner (2003) Architecture. 145

160 Steiner (2003) Architecture. 140-145

161 Læreplan for Steiner-skolen 1992 s. 4

162 Læreplan for Steiner-skolen 1992 s. 8

82

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!