12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

eferansen viser korleis eit skulebygg får aksept som eit viktig byggverk i samfunnet på same

måte som også slott, palass og regjeringsbygg ofte har den same utforminga.

Fig. 56 - Rothaugen skule 1912

Slike framskutte bygg representerar ofte verdiar

som verdskap, intellektuelle verdiar, orden,

reglar, lover og system. Dette er verdiar som

speglar tankane innan den klassiske

arkitekturteorien som taler til fornuft og logikk.

Eit skulebygg i klassisk utforming refererar til

slike storslåtte bygg og vert dermed sett på lik

linje (fig.56). På same tid reflekterar bygget ein

pedagogikk der kunnskap får høg verdi, bokleg og fornuftbasert lærdom vert føretrekt og

undervisninga taler til den logiske sansen der system og orden regjerer. Semper sin teori kjem

her til uttrykk, då bygget kommuniserar den ideologiske tanken som bygget representerar.

Denne måten å velje arkitekturform etter byggets innhald er eit eklektisk trekk som indikerar

smak, altså at ein arkitekt vel ein høveleg stilart til sine ulike verk. 111 Ein anna tendens innan

historismen er å velje etter stil, og då blandar arkitekten ulike stiluttrykk innan eit og same

bygningsverk. 112 Dette er eit trekk som ein finn innanfor Rothaugen skule sin utforming.

Eksteriøret viser innslag av enkel klassisisme, middelalderens borgarkitektur og regionale

referansar til den Hanseatiske arkitekturen på Bryggen (fig.56). På denne måten

kommuniserar bygget ulike symbolske verdiar. Det klassiske viser til makt og verdskap som

igjen understrekar ein pedagogikk der fornuft og vitskap står i sentrum. Regionalismen

kommuniserar at skulen er knytt til staden og tek vare på dei historiske og kulturelle verdiane

som representerar Bergen. Dette festningsmotivet taler til ein kontrollert og streng institusjon.

Ein tradisjon for disiplin og streng kontroll

Rothaugens arkitekturform er prega av tunge massive materiale som skaper ei lukka

atmosfære. Skulegarden er skjerma mot omgivnadane med bygningsmasse på alle sider, berre

ein liten port opnar anlegget mot verden utanfor. Dette kan signaliserar ein kontrollert

skulekvardag der elevane er underlagt streng leiing og kontroll. Den symmetriske oppdelinga

111 Henrik V. Achen. Bergens historiske forening, skrifter nr. 83/84. Middelalderhistoristisk arkitektur i bergen.

Nyromantikkens, nygotikkens og dragestilens bygninger og bygningsforhold 1855-1905. I Historistsik arkitektur

i Bergen 1830-1930. Stil, teori og bygningsforhold. 6 arbeider (1982-85) Bergen april 1986. s. 33

112 Achen (1986) s. 33

60

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!