12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

imøtekjem barnets behov for tryggleik og eit lukka formspråk er valt for at elevane skal kunne

identifisere seg med rommet. 163 Eller med andre ord plassere seg sjølv i eit avgrensa rom med

tydelege og trygge rammer. Ser ein vidare til interiørets fargar oppdagar ein at desse også er

gjennomtenkt og viser omsyn til elevane som skal opphalde seg her. Det psykologiske

aspektet er nemleg visualisert gjennom fargebruk som symboliserar tryggleik eller

mogelegheit til å strekke seg. Dette understrekar ideen om det antroposofisk menneskesynet

som står sterkt i Steiner-pedagogikken, altså tanken om å finne fram til eit stoff som

samsvarar med den alderen som elevane er i. 164 Klasserommet blir i denne samanheng forma

slik at dei elevane som skal opphalde seg her identifiserar seg med omgivnadane., der fargar

og formspråk er tilpassa elevanes behov. Det same gjeld for dei eldre elevane. Ser vi til dei

offentlege historiske skulebygga finn ein ved desse ingen skilnad innan klasseromma som

tyder på at rommet har vore tilpassa elevar i ulike alderstrinn.

Det visuelle uttrykket har også referansar til arkitekturhistoria då eit slik vertikalt orientert

rom kan gje assosiasjonar til dei gotiske katedralane som strekker seg mot himmelen eller

barokke bibliotek som også har eit interiør der bøkene er plassert i høgda. Både katedralen og

biblioteket strevar og strekker seg mot eit mål, det åndelege himmelriket eller kunnskap og

intellekt. Den lyse kjølege tonen på rommet svarar til himmelens farge og vi kan difor tolke

formspråket som ein illustrasjon på korleis elevane skal strekke seg mot lærdom og kunnskap

eller det åndelege og spirituelle som også står sterkt innanfor Steiner-pedagogikken. 165 Ut i

frå dette kan ein sei at den private skulen si arkitektoniske form viser eit særeige samspel

mellom interiør og pedagogiske verksmed. Klasserommets form, materiale og fargar er på

ingen måte tilfeldig valde, men viser til ein gjennomtenkt filosofi og illustrerar dei

pedagogiske prinsippa som er sentrale innanfor Steiner-skulen. Ein kan gå så langt som å seie

at skulebygningen sitt interiør kommuniserar den pedagogiske teorien og læreplanens

grunntanke gjennom sine medvitne arkitektoniske val. Steiner-skulens åndelege aspekt får

skinne gjennom og komme til uttrykk i interiørets form og fargar, og på den måten opplever

ein klar samanheng mellom pedagogikkens mål og utforminga av arkitekturen. Den største

skilnaden mellom dei to skulesystema er nok den heilskaplege grunntanken hos Steinerskulen

mot den store variasjonsbredda innan skulebygga i grunnskulen. Dette kan ein forklare

med at det ikkje vert lagt like strenge føringar for utformininga av skuleanlegget slik som ein

163 www.husweb.no (lasta ned 10.02.2009)

164 Læreplan for Steiner-skulen s. 4

165 Læreplan for Steiner-skulen s. 4

83

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!