12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

seier noko om at elevane kanskje trivast på skulen ut i frå andre kriterium enn kunn dei

fysiske undervisningslokala. Og det er jo sjølvsagt eit viktig aspekt å ta omsyn til. Men det at

skuleanleggets estiske utforming og kvalitet lesast og hugsast som uttrykk for kulturens

verdinormer og samfunnets prioriteringer, 202 seier oss noko om den viktige påverknadskrafta

og funksjonen skulebygget har for elevane som oppheld seg der. Rothaugens formspråk

uttrykker kunnskap som makt og prestisje, medan Landås viser til det samfunnsnyttige og

effektiviteten som pregar modernismen. Loddfjord kommuniserar dialog mellom brukar og

arkitekt, noko som resulterar i eit barnevennleg og organisk uttrykk. Steiner-skulens arkitektur

kommuniserar det pedagogiske innhaldet der antroposofien står i sentrum, medan Apeltuns

uttrykk representerar dei verdiane som vert framheva i dagens læringsteori. På kvar sin måte

kan desse skulebygga uttrykke den historiske konteksten som bygget vert forma innanfor, og

slik illustrerar arkitekturens form det pedagogiske innhaldet som bygget skal huse. Kvart

skulebygg viser gjennom si indre organisering faktorar som kommuniserar med den aktuelle

pedagogikken, og endringane som er gjort kan lesast som teikn på korleis bygga vert tilpassa

dagens pedagogiske situasjon. Ut i frå dette kan ein påpeike at formuttrykket spelar saman

med det pedagogiske innhaldet i skulen. Tankane spring då i retninga av korleis framtidas

skulebygg kjem til å sjå ut. Utviklingsførelaupet som denne oppgåva skisserar gjev nokon

stikkord for kva som synest å karakterisere den nye skulebygningen.

Framtidas skule

Eit nytt skuleprosjektet i vår tid er Kleppestø barne- og ungdomskule på Askøy. Dette er eit

nytenkjande og litt revolusjonerande skulebygg med tanke på utforminga. 203 Her finn ein att

dei tradisjonelle klasseromma med tilhøyrande gruppekrok i kvart rom. Mellom klasseromma

er det laga til eit meir ope areal. Organiseringa kan av den grunn sjå ut som eit bylandskap der

klasseromma har form som individuelle bygg i ein by, medan det opne arealet minner om

gater som går på kryss og tvers og skaper eit gatenett. Kombinasjonen av det opne og det

lukka representerar slik ein ny måte å tenkje på. Ein kan seie at dette bygget sameinar dei to

ytterpunkta - opne landskap og det tradisjonelle klasserommet. Dette er spesielt interessant

med tanke på korleis skulearkitekturen synest å utvikle seg vidare, i retning av det meir

fleksible og dermed mindre einsarta slik tendensen har vore tidlegare. I høve planlegginga av

den nye skulen på Landås finn ein også ein diskusjon i høve planløysinga. Dei har kome fram

til at skulen skal organiserast som ein trinnskule, det vil seie at 60 elevar på same klassetrinn

202 Cold (2003) s. 4

203 Haveland, intervju

99

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!