12.09.2013 Views

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

View/Open - BORA - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Fallingwater (Pennsylvania 1934-7) viser på si side korleis han integrerar naturen som ein del

av det arkitektoniske uttrykket (fig.25). Her ser vi eit skiftande uttrykk der arkitekturelement

og kontekst glir over i nye høve ovanfor kvarandre. Omgivnadane rundt dette fossefallet og

nokon av trea blir dratt inn i bygningen og William Curtis uttrykker det slik: ”Nature and art

were made to reinforce one another”. 41

Fig. 25 - Fallingwater

Ser vi til døma og deira stiluttrykk kan vi finne noko fellestrekk til det formspråket som

pregar Loddefjord skule. Denne lave horisontale orienteringa og ein dynamisk komposisjon

som fyl rørsla til terrenget kan seiast å vere ein stor fellesnemnar. Mindre vindauge og ein

meir beskjeden arkitektur som glir inn i omgivnadane understrekar ei orientering mot den

innvendige aktiviteten slik som vi også ser hos dei andre arkitektane innanfor denne retninga.

Ein asymmetrisk bygningskropp gjev oss også eit inntrykk om ein vekstprosess som minner

om denne metaforen som Wright nyttar for å samanlikne bygning og natur. Den komplekse

arkitekturen er satt saman av ulike einingar som glir over i kvarandre og skapar slik eit

heilskapleg preg. Med andre ord eit organisk tilhøyre.

Samspel med omgivnadane

Den raude fargen gjev bygget merksemd då den skil seg ut i høve omgivnadane og står i

kontrast til terrenget rundt. Likevel føyer skulens seg inn i omgivnadane med eit formspråk

som spelar saman med landskapet. Skulebygget er omringa av eit stort uteområde som

elevane kan boltre seg på (fig.26). Denne skulegarden ligg i naturlege omgivnader der ein finn

mykje skog, busker og små bergknausar som inviterar til kreativ leik og aktivitet. Uteområdet

har med andre ord eit kuppert og variert terreng. Denne karakteristikken finn vi også att i

41 Curtis (2000) s. 312

27

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!